Sider

tirsdag 29. oktober 2013

Finalist på pinnekroken

 
Hurra "what does the fox say" hua er ein av finalistane på pinnekroken sin oktoberutfordring "noe som varmer".
 
 
 
 
Her kan du stemme enten på hua mi eller på ein av dei andre finalistane sine flotte strikkaplagg :-)
 
Ellers må eg berre beklage at alle som vil kommentere no må bekrefte at dei ikkje er ein robot ved å skrive inn ein kode som kommer opp. Dette er fordi eg blir nedlessa i tullekommentarer for tida :-(
 
Ha ein fin kveld alle, no skal eg fullføre et panneband til prinsen. Han ønska seg nemlig et panneband med kattar på og eg har lova at det skal være ferdig til i morgen :-)
Best å få opp farten. 
 

fredag 25. oktober 2013

What does the fox say?

Ja, kva seier egentlig reven?
Her i huset seier den ring, ding,dingdingding.....
ifølge treåringen :-)
 
Låta er uten tvil fengande og som den strikkemammaen eg er måtte eg berre lage ei revehue.
Fann fram rutepapir og blyant, og begynte å tegne.
Fann fram alt eg hadde av drops Lima garn (65 % ull og 35% alpakka) og strikka i vei på pinne nr 4.
 
Resultatet vart ei perfekt hue til prinsen som vil varme godt utover høsten og vinteren.
 
 
 
Ein superfornøgd prins :-)


 
What does the fox say :-)
Eg har strikka mesteparten av mønsteret, men måtte sy litt maskesting på reven.

 
Hua er blitt merka med dei nye merkelappane mine, superfornøgd med dei. Bestilt fra minanamnband.se


 
 

 
Nå må det snart være nok bilder mamma !!! :-/

 
God helg :-)

Strikka ullkjole

Ullprinsessa vår har fått en ny kjole :-)
Kjolen er strikka i lilla og så har eg hekla rundt alle kanter med lys lilla, samt hekla tre hjerter som eg har sydd på kjolen.
Kjolen er denne oppskrifta fra dropsdesign.no og har brukt drops merino ekstra fine ullgarn. Kjolen vart veldig mjuk og god, og vil nok holde prinsessa god og varm.
 
 
Kjolen er derfor med på oktober utfordringen til pinnekroken "noe som varmer".
 
 
 
Kjolelivet er i perlestrikk, resten glattstrikk.

 
Syns kjolen vart litt kjedelig, så måtte pynte den litt med tre heklahjerter :-)

 

 

 

 
En liten fornøgd prinsesse i kjolen sin :-)

 
Ha en fin strikkekveld.

lørdag 19. oktober 2013

Strikkagenser i ull og alpakka

Endelig ferdig med ein strikkagenser i ull og alpakka, satser på at den vil holde mottakeren god og varm gjennom barnehagevinteren. For ei tid tilbake gjorde eg nemlig ein byttehandel, fikk masse fine jakker og kle til prinsessa, mot to strikkagensara til to barnehageprinsesser. No er den eine ferdig og nr to er på pinnane :-)
 
Gensaren er strikka i Drops Lima eit garn som består av 65 % ull og 35 % alpakka, så satser på at det skal bli godt og varmt. Har til og med vaska den i maskinen på ullprogram, for å sjekke om det går. Var litt nærvøs når eg skulle hente ut gensaren, siden det står handvask på den, heldigvis kom den ut like stor som før :-)
 
 
Fargane er brun og rosa, tenkte det var greit med litt mørke fargar siden det skal være en barnehagegenser, samtidig som eg er veldig glad i den fargekombinasjonen.

 
Prinsen fikk være modell, i tillegg fikk eg då sjekka om størrelsen var ok. Siden ho som skal ha genseren er omtrent like stor som prinsen min. Mønsteret er fra http://www.pickles.no/
Eg har brukt størrelse 6 år, fordi eg veit at eg strikker mykje fastare enn oppskriftene tilseier på Pickles.

 
Baksiden.
Gensaren er også strikka med rundfelling, noko eg er veldig glad i, så slipper en å montere armer :-)

 
Gensaren skal også vere med på oktoberutfordringen til Pinnekroken
"Noe som varmer"
 
Ha ein fin lørdag.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...