Sjølv om blogginga går i rykk og napp, så går strikkepinnane jamt og trutt. Er så herlig avslappande og synke ned i sofaen og strikke litt, når ein endelig får litt ro etter ein hektisk dag :-)
Er fortsatt på småstrikk stadiet, dei større prosjekta får vente litt til eg får meir søvn i løpet av natta.
Har nemlig ei lita jente på 7 1/2 mnd som nekter å ete noko anna enn morsmelk, når ho itillegg har begynt å krype, så seier det seg sjølv at ho trenger en del mat og då blir det litt lite søvn.
Har strikka ei djevelhue i drops babymerino, er veldig glad i gammelrosa og vart meget fornøgd med denne hua. Varm, god og kjempe passform. Lurer på om eg også skal hekle ein blomst og feste på med ei perle i, for litt ekstra pynt :)
I tillegg har eg strikka tre nye smikker. Ei i babymerino, (bildet over) den er eg ikkje fornøgd med. Vart tynn, lefsete og siger når den blir våt :-(
Smikkene på bildet under derimot er eg veldig fornøgd med, dei er strikka i merino ekstra fine. Kjempe gode og er allerede brukt masse :-)
Siste prosjektet eg holder på med er ei bestillingshue.
Ei skikkelig monsterhue, min lille prins er sååå misunnelig på gutten som skal få hua så det er mulig at eg må strikke to av denne ;-)
Hua er strikka i bommulsgarn, muskat fra drops, og mønsteret på hua er å finne på dropsdesign.no sine sider.
Skal hekle på augebryn, pupiller i augene og lage hår, så er hua ferdig og klar til levering.
Ha ei fin strikkehelg :-)