Då var alle lysa tent og julekvelden er rett rundt hjørnet. Dvs eg syns det, men spør du 4 åringen her i huset så syns han at det er evigheter til jul ;-)
Huset er julepynta og treet har fått ein lite hekla engel :-) Kjekt med litt personlig pynt på treet.
Har laga mange av dei tidligare og brukt dei til blant anna å pynte julegaver med, men i år laga eg en til meg sjølv til å ha på treet.
Tilde har fått sin egen blånissehue og var meget fornøgd med det. Den var et resultat av at eg ville bruke opp rester etter at eg strikka hua til Theo, men gløymde å vege restene og kom litt over halvveis før eg gikk tom for garn. Då var det berre å kjøpe to nye nøster, og gjett kven som no sitter med enda meir rester enn før ho begynte å strikke opp restene :-/ Hahaha...skal ikkje være greit :-)
I dag var det også skitnesøndag og då er det viktig å ha smalahover til middag. Det er ein tradisjon eg har vokse opp med og må til for å få den rette julefølelsen. Etter mi meining årets beste middag.
Ellers har vi også fått tid til litt juleverksted.
En konsentrert liten prins :-)
Tre søte snømenn vart laga, og har fått plass i nisselandsbyen vår :-) Den skal eg heller vise bilder av en annen dag.
Ha en fin dag og god jul :-)