Billig er bra, men enda betre er det jo når det er miljøvennlig i tillegg. I dagens bruk og kast samfunn kan det vere herlig å ha fokus på noko som er miljøvennlig og kan brukes omigjen mange ganger.
Eg har derfor strikka sminkefjerningsklutar :-)
Dei er gode og mjuke, og kan vaskast på 60 grader og brukast igjen.
Klutane er strikka i dobbel tråd Mandarin Petit fra Sandnesgarn.
Har brukt pinne nr 3,5 og strikka riller, noko som gjere at det går fort å lage seg opp eit lite lager så ein slipper å vaske så ofte.
Ha ein fin og miljøvennlig kveld :-)
Oppskrift:
Legg opp 14 masker med dobbel tråd mandarin petit med pinne nr 3,5
Strikk fram og tilbake med rettmasker (rillestrikk) til du får 5,5 cm.
Fell av og fest tråder.