Sider

torsdag 30. oktober 2014

Strikkasokker til prinsessa


Prinsessa har fått nye ullsokker, nok en gang har eg brukt garnet Arwetta classic, et veldig godt garn å strikke med. I tillegg blir sokkane mjuke og gode. Garnet består av 80% merino wool og 20% nylon og er kjøpt hos Sy med oss i Haugesund. 


Måtte ha litt striper med grønt og grått, for det er så kjedelig å strikke einsfarga sokker. Med en gang en har litt striper i et strikketøy, så får en følelsen av at det går mykje fortare å strikke. 


Har brukt pinner nr 2,5 og oppskrift fra Dropsdesign, den finner du her.
Garnlageret har og minka med 22 gram :-)


Då satser vi på at prinsessa holder seg varm gjennom vinteren. Ho hadde iallefall ikkje tid til å sitte i ro for å ta bilde ;-)



Om nokon skulle sitte på ei veldig god sokkeoppskrift for barn, må dei gjerne gi et hint. Oppskrifta eg har brukt her er veldig grei, men kunne tenke meg å prøve å strikke nokon litt meir spennande barnesokker. Har nemlig meir arwettagarn å ta av ;-) 
Ha en fin kveld :-)

lørdag 25. oktober 2014

Strikkaklut


Eg har strikka ein ny glædelig jul klut, men har brukt grønt garn og syns då at den kan brukast heile året. Er egentlig ei god stund siden den var ferdig, men har tatt litt tid å få festa dei to trådane som måtte festast ;-)



Syns grønfargen er finare i virkligheten, litt skarpare, mørkare og klarare grøn enn på bildet. Har også denne gangen brukt Petunia garn og pinne 3,5, var ein garnrest eg hadde liggande. Så no har eg minka garnlageret med nye 46 gram :-)
Kjekt å bruke opp litt rester :-)


Oppskrifta er nok en gang fra Bittamis, og du finner oppskriftene hennar på facebook på sida Bittamis Design for strikkelystne :-) Anbefaler en tur der, mykje fint og finne :-) 

Ha ein fin lørdag.


fredag 24. oktober 2014

Strikka prinsessesett


Må berre vise litt bilder av prinsessa som har fått ny strikkakjole og bolero, riktig nok ikkje strikka av meg, men hennas farmor :-) 
Et utrulig nydelig sett, foreløbig litt i største laget, men då varer det lenger :-)


Må også vise litt detaljbilder av det fine mønsteret i kjolen. Trur garnet er alpaca silk fra Drops, noko som gjere kjolen meget myk og god. 



Så komme vi til mitt bittelille bidrag, et hekla pynteband :-) Syns det pynter opp med panneband og prinsessa liker å gå med dei, eg fikk derfor litt restegarn fra kjolen slik at eg kunne lage et pynteband som passa til. Har brukt oppskrift fra Dropsdesign sine sider.




Ha en fin helg :-)

onsdag 22. oktober 2014

Siklesmekker

Har laga fire nye siklesmekker, alle med børsta bomull framme og fleece bak.
Er blitt veldig glad i børsta bomull, for smekka blir så mjuk og god :-)
Med fleece bak blir smekka også passe tjukk og perfekt for små prinser eller prinsesser som slever eller søler :-) 



Måtte ta bilde med blitz, så litt vanskelig å sjå, men det er små lyseblå hjerter på smekkene. 


Har slått i trykknapp i alle smekkene, då blir dei enkle og greie å ta av og på.




Smekkene har allerede fått ein ny eigar, ein liten prins. 

Ha ein fin kveld :-)





fredag 10. oktober 2014

Ullsokker


Då har eg minka garnlageret mitt med heile 26 gram ;-) 
Fortsetter eg å minke garnlageret mitt i dette tempoet, så trur eg at eg har garn til eg er pensjonist og enda litt til :-)

Strikka eit par ullsokker i Fabel til en av Tilde sine venner og satser på at sokkene holder han varm på føttene i høst. 
Brukte pinne nr 2,5 og oppskrift fra dropsdesign sine sider. 


 Når ein strikker sokker med fleirfarga garn så kan ein risikere at sokkane blir ganske forskjellige, det vart dei her, men satser på at dei varmer godt likevel. 



Ha ein fin dag. 

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...