Sider

søndag 27. mai 2012

Båttur :-)

Har neimen ikkje blitt mykje strikking i dag heller, har har vi nytt sola med ein nydelig båttur til Bukkøya. Ein perfekt dag, rett og slett :-)


Grilling av god mat :-)


Prinsen satte stor pris på grilla pølse til middag :-)



Dessertpannekaker laga i det fri smaker alltid godt :-)



Vi såg både høner og ein liten gris.




Ein liten fornøgd prins klar til å styre båten heim igjen, berre litt kjedelig å vente på at alt utstyret og alle skulle komme ombord igjen :-)



Ha ein fin pinse :-)

lørdag 26. mai 2012

Tilbake :-)

Du veit du er stressa, når du kommer i barnehagen og lurer på kor dressen og regnkleda er, før du finner ut at det er mandag og kleda vart tatt heim på fredag :-) For å seie det som det var, så føltes det ikkje som mandag, då heile helga hadde gått med til skriving på min bacheloroppgave. Å sånn fortsatte det i en mnd, snille, snille barnehagepersonalet som hadde tolmodighet med oss, for jammen vart det gløymt masse den siste mnd før oppgava skulle inn. Samt fantastiske svigerforeldre og tanta til Theo som steppa inn og hjalp med bl.a kjøring, bringing og barnepass. (Hjalp jo ikkje på at mannen i huset også studerer på siden av jobben og hadde eksamen i mai.) No er vi heldigvis ferdige, barnehagen, svigerforeldre og tante har fått en blomster og gaver, og mammen i huset har gjennvunne kontrollen. Begynne å finne igjen gulvet på vaskerommet også, skal sei det hopa seg opp. Skal ikkje mange dagane til får korga er stappfull.

Det blir leeenge til vi skal studere noko meir :-)

Så bloggen her har gått for lut og kaldt vann, og det har jammen meg strikkepinnane mine også, men endelig skal det bli forandring på det.

Her er litt bilder av ting som har skjedd i det siste :-)


Theo har fått trampoline, og den blir flittigt brukt.
Komme aldri til å gløyme helsesøstra si kommentar på 1 års kontrollen, då ho sa at ho anbefalte til alle at dei måtte passe på at ungane bevegde seg minst en halv time til dagen. Eg holdt på å begynne å le, en halvtime?? Hvis vi får en halvtime pause, her i huset så skal vi vere fornøgde ;-)


Bunadsfine og klar for å kikke på folketoget :-)


Is må til på en sånn dag :-)
Bunaden Thoe har på seg, er den samme som pappen hadde når han var liten og sydd av Theo sin farmor :-)


Å kyrne har komme ut av fjøsen og kom innom for å seie hei :-) Dei har ein fast sti dei går, rett ved gjerdet til hagen vår, til stor begeistring for Theo. Denne dagen her grilla vi og då vart dei ståande å kikke på oss heilt til vi pakka sammen og gikk inn. Trur dei hadde lyst på :-)



onsdag 18. april 2012

Påskekos og smekkesying

I påsken var det plutselig nokon 2 årsjekser som meldte sin ankomst. Vi fikk derfor et akutt behov for siklesmekker. Fikk låne meg ei symaskin og heile 5 smekker såg dagens lys :-)




To med afrikadyr og tre med striper :-) Bak er det fleecestoff, dette gjere at det skal ganske masse til får det blir vått heilt igjenom :-)


Ellers i påsken vart det god tid til litt avislesing med oldemor.



Teikning med mormor


og leiking med katten Pandi :-)

mandag 16. april 2012

Strikkabukse

For ei tid tilbake strikka eg sauegensaren på bildet, og enda opp med enormt med restegarn. Fann då ut at eg ville lage bukse til gensaren. Funderte ei stund på kva av restefargane eg skulle bruke til buksa, og valget fall tilslutt på rødt og gult, siden settet skulle gis vekk til ei lita jente. Dessverre syns eg ikkje at buksa og gensaren passa så godt i hop som eg hadde tenkt. Håper likevel at buksa blir god og varm å ha i barnehagen til vinteren, siden det er 100 % ull :-)



Garnet eg brukte er Viking alpaca sport, veldig godt å strikke med, samtidig som det er mjukt og varmt. I rillekanten opp er bretta i to og har strikk inni, så den skal sitte godt.
Hadde ikkje mønster til buksa, så den er fri dikting (nesten). Har strikka nokon bukser til barn, så veit sånn ca korleis det skal gjerast uten mønster.
Størrelsen er ca 1 år. 


Har fortsatt restar igjen etter gensaren, men ikkje rødt. Der var det på hengande håret. Når buksa var ferdig var det 5 små cm igjen av det røde. Flaks :-)

Ha en fin kveld :-)

fredag 13. april 2012

Strikka vest

Sjølv om det har vore stor latskap på bloggen i det siste, så har strikkepinnane vore i jamnleg aktivitet. Litt mykje som skjer for tida, men det går mot betre tider :-) Om to mnd er eg ferdig utdanna vernepleier, dvs ingen fleire oppgåver eller eksamener som sluker tida mi :-)

Ein av tinga eg har strikka er denne saue vesten i str 1 år :-)


Den skal bli gave til ei eg kjenner som har ein skjønn liten prins :-)


Ulla til sauen er strikka med perlestrikk, for å få litt meir liv i ulla og sauen :-)

Ein 2 åring i hus :-)

Tenk at prinsen i huset har blitt 2 år :-) Det har blitt feira til gangs, først i barnehagen, så familieselskap heime.
Energi nivået var 100 % heile veien, og prinsen eit stort smil.



Stolt prins fikk krune i barnehagen :-)



Mange kjekke pakkar fikk han og.




Temaet var jungel, for prinsen er veldig opptatt av tiger for øyebikket.



Kva passar vel betre då enn ei tigerkake :-)
Vart kjempe fornøgd med resultatet, takka vere god veiledning av min flinke kondittorsøster. Likavel vart en haug med små og litt større feil gjort, men smaken vart god og utseende bra nok for en 2 åring. Så då var mammaen kjempe fornøgd med seg sjølv. Spesielt med tanke på at eg var våken nattevakt i natt, å gikk heime og bakte kaka før eg la meg å sov. (Mulig det er årsaken til alle feila)





I tillegg laga eg pavlovakake for første gang, den vart rett og slett kjempe god og ikkje en smule vart igjen :-)


Ha ein fin kveld.

mandag 2. april 2012

Vinnar av giveaway

Treknig ein dag for seint dessverre, men er litt dårlig internett tilgang for tida. Har brukt gamle måten, for å finne vinnaren. Skrive opp alle navna etter antall lodd kvar har tatt og putta dei i ein kopp. Den heldige vinnaren som kom opp av koppen og vann denne preminen opp alle navna.

Den heldige vinnaren av denne boka


Give away, trekning 1 april

er.....
............
.................

Solveig med bloggen Made by Solis

Gratulerer
Send meg adressa så snart som mulig,
 får eg den i kveld så er boka i posten allerede i morgon tidlig :-)

God påske alle sammen.
Velkommen til alle nye følgare og tusen takk for alle dei koslig kommentarane.

torsdag 22. mars 2012

Strikka genser

Mulig det er noko i lufta eller noko som går, iallefall her kommer nok ein sauekreasjon.
Likte så godt mønsteret på denne gensaren, at eg måtte berre strikke den. Har strikka den i str 1 år, og skal bli gave til ei lita prinsesse. Har gjort litt forandringa på mønsteret. Der skulle ein ha svart inni blomsten, eg valgte gult. Syns gensaren vart litt "lettare" då. Itillegg har eg valgt vekk mesteparten av mønsteret på armane. Små fingra og mange tråar, er ein dårlig kombinasjon syns eg.

Oppskrifta er i frå bladet familien, men skal du prøve deg, vær forberedt på ekstremt med feil i oppskrifta. Verste eg har opplevd nokon gong.

Gensaren er strikka i Viking alpaca sport. Litt usikker på kva som var orginalgarnet i oppskrifta. Viking sitt garn fungerte iallefall utmerka.






Ha ein fin og kreativ kveld.

onsdag 21. mars 2012

Babyplanking


Planking er vist nok en trend i tiden, eller kanskje trenden allerede er over? Litt usikker egentlig, syns nemlig det heile virka som ein litt snodig og fjasete trend :-)
Ein liten prins, med litt lopper, syns dette måtte testast og under kan de sjå babyplanking mens ein teiknar :-)




Ha ein fin kveld, og husk å meld deg på give awayen min :-)
Posted by Picasa

torsdag 15. mars 2012

Bursdags give away



Hipp hipp hurra for meg som fyller 30 år i dag :-)

Føles litt underlig å skrive tallet og sjå det svart på kvitt, men det går seg vel til. Har vel ikkje det store valget ;-) Ein perfekt dag, med koslig besøk har det vært.

For å feire dagen tenkte eg å ha ein liten give away.
Reglene er enkle:

1 lodd for kommentar
1 lodd for følger
1 lodd for å linke fra bloggen din (bruk bildet under) eller facebook.

Husk å skrive kor mange lodd du tar i kommentaren, du kan få tre lodd tilsammen. Er du følgar frå før så gjelder det såklart som 1 lodd, men husk å skrive det :-)
(Du kan bli med om du ikkje har blogg også, men då må du legge igjen epost adresse.

Vinnaren blir trekt 1 april, og premien er boka til Arne & Carlos, Påske hele året :-)





Ha ein fin dag :-)


Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...