Sider

mandag 9. januar 2012

Den heilage Knut

Det viste seg at det var fleire årsakar til at han Knut, altså Den heilage Knut Lavand, ikkje kom 13 dag jul. (trykk på linken så kan du lese meir om Knut)

Ein av dei var at eg har tatt feil av datoen. Om det er eg som har høyrt feil, eller om dei som har sagt uttrykket til meg har trudd feil er uvisst, men ein liten forklaring på korleis forvekslinga kan ha skjedd kan de lese under.

Ein eg kjenner, som veit mykje meir om helgenar enn meg, skreiv dette:

"Den heilage Knut Lavand har minnedag 7. januar. Tidlegare hadde han minnedag 13. januar, altså tjuande dag jul. Dette vart til uttrykket «tjuande dag Knut». Det kan sjølvsagt også ha vorte blanda saman med «trettande dag jul» til «trettande dag Knut», sidan både 6. og 13. januar har tradisjonar for å vere dagen der jula er slutt.

Han kunne også fortelje meg at Knut heldt seg i områda, som i dag er delt mellom Danmark og Tyskland, og er gravlagd på Sjælland. (Noko som ville gjort at han lettare kunne komme hit til Haugesund enn til Sunnfjord.)

Den siste delen av informasjonen, om at han var gravlagd på Sjælland, gjere at eg egentlig er glad han ikkje kom.

Ellers var det kjempe artig å faktisk lære bakgrunnen til utsagnet, eg har egentlig alltid tenkt at det var noko dei heime fann på:-)

Ellers så har eg starta å strikke på ein gensar til Theo, litt spent på om eg får det til. Oppskrifta er nemlig 6/8 år eller 10/12 år. Eg ville ha sånn  3/4 år, så eg må sjølv prøve meg fram og minske ned. Foreløbig går det fint, men litt meir spent når eg skal starte på mønsteret. Uansett skal eg fortelje korleis det går :-)






Ha ein fin kveld, og takk for alle koslige kommentara på bloggen min :-)

1 kommentar:

  1. Hei og takk for koselig kommentar på bloggen ;) Dyrene kjøpte jeg på Biltema. Ca 100 kr for en pakke med mange dyr i. De har både bondegårdsdyr og jungeldyr. Det er også palmer og annet stæsj oppi boksen.

    Ha en fin uke:)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...