Sider

torsdag 9. august 2012

Lyseblå vest til lyseblå prins :-)

Det har ikkje blitt strikka så veldig mykje i sommar, men litt har det blitt. Blant anna denne lyseblå vesten til prinsen, med sauer på. Har brukt garn fra viking alpaca sport, og pinne nr 5. Akkurat saueborden og dei små blomstrane har eg mønster på, men sjølve vesten er laga uten mønster.


Prinsen vår er litt lang og slank, og syns ofte at vestar strikka etter oppskrifter har blitt litt korte og vide til han. Laga derfro mi eiga oppskrift som eg tilpasser etterkvart som han vokser. Syns det fungerer bra, og får då rett lengde og bredde på vesten.






Vesten sett bakfra, og ikkje minst ser en kor hoppande glad ein kan bli for strikkavest med sauer. Kjekt å strikke når mottakeren blir så glad og fornøgd. 





Litt vanskelig å sjå på blidet, men sauene er strikka annakvar rett og vrang (perlestrikk) for å få dei litt utheva, og det ser då meir ut som ull.
Har hekla kanten rundt armane og halsen, mens kanten neders på vesten er strikka.


5 kommentarer:

  1. Så herlig med sauer, kor du fant saue mønsteret? Kjekt at han ble så glad :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Sauer er koslige dyr, iallefall syns min sønn det. Først trudde eg at mønsteret var fra et viking hefte, men kom på at det er fra et familien. Akkurat no klarte eg ikkje å finne mønsteret (har strikka sauane så mange ganger at eg kan de uten mønster, så eg huske ikkje nummeret på bladet dessverre.

      Slett
  2. Staselege bilder, vesten var kjempefin, veldig fine desse sauene dine.
    Gjet kva som ligg som bakgrunnsbilde på PC,en hos meg.

    SvarSlett
  3. Tror, bilde av en blid prins, som har fått seg ny vest med sauer på. Han var så fin, både han og vesten. Klem.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...