Det fantastiske med påskeferien er at du har god tid og ingen ting du må. Noko av det kjekkaste eg veit er å holde på med nokon kreativt og gjerne sammen med min lille prins. I dag var det pynting av påskekyllingar som sto på plakaten.
Dei vart nøye malt for nokon dagar sidan, av en meget konsentrert liten prins. Der er ikkje fritt for at han legger litt tjukt på med maling, så god tørketid er viktig.
Så var det endelig tid for pynting og han gleda seg spesielt til å gi kruner til kyllingane.
Krunene er kjøpt på Panduro, og passa perfekt til vattegga, som også er handla inn der.
Auger, nebb og fjøyr vart også sirlig satt på.
Der er ikkje fritt for at det vart brukt i overkant med lim, men det er jo berre litt av sjarmen. Dessuten så hadde eg vært så lur (syns eg sjølv i allefall ;-) at eg valgte en lim som "forsvinner" når den tørker.
Nokon vart bittelitt skeive i munnen også, men handlaga ting skal jo ikkje være perfekt :-)
En liten kyllingflokk klart til å pynte huset :-)
Å vere kreativ tar på, så då kan det hende at en sovner sånn.
Ha en fin og kreativ påske videre :-)