Sider

tirsdag 16. juli 2013

Uhu....ugler på vesten :-)

Siden eg fortsatt ikkje kan strikke med med min venstre hand, så får en fortsette å hekle litt. Denne gangen vart det en uglevest til prinsen. Denne har gått utrulig fort å lage, spør du meg, men ifølge prinsen, som utolmodig har trippa rundt meg i spenning på denne uglevesten, har det gått seint ;-) Han har spurt mange ganga, ferdig nå mamma?? Med stort håp i stemma. Så tenker han blir fornøgd når han kommer fra barnehagen i dag.
 
 
Vesten starta egentlig som ei dropsoppskrift, men fann fort ut at den vart for vid til min prins. Eg la derfor opp 12 lm mindre enn det oppskrifta sa. Når eg hadde hekla eit godt stykke, oppdaga eg at vesten fortsatt ville bli alt for vid for prinsen.
Siden eg itillegg hadde hekla både på framstykket og bakstykket samtidig og komme ganske langt var lysten til å rekke opp liten.
Eg snudde derfor begge deler på sida, då vart vesten passelig vid og lang :-) Så hekla eg til hals og skuldre etterpå :-)
(Til dropsoppskrifta sitt forsvar så brukte eg ein annan garntype enn det som sto i oppskrifta. Eg brukte nemlig Drops Lima, ein blaning av 65 % ull og 35 %alpaca.)

 
Ugla er riktignok fra dropsoppskrifta :-) Bortsett fra at eg valgte å sy på nokon auge eg hadde, istedet for å hekle dei.

 
Rundt alle kantar har eg hekla med lyseblå for å få litt kontrast, noko eg ofte gjere :-)

 


Ha ein fin kveld :-)

torsdag 11. juli 2013

Lilla prinsessekjole :-)

Prinsessekjole til en liten frøken som lar vente på seg. Heldigvis så er det berre ca ei veke igjen til ho må ut, om ho vil eller ei. Har prøvd å fortelle prinsessa, at gjester bør kjenne sin besøkelsestid ;-) Noko ho definnitivt velger å overhøyre. Hem...
Har også prøvd å lokke ho med lovnad om gratis kost og losji, fine strikka og heklakjoler, heimesydd lappeteppe og kle, men ingen ting ser ut til å friste. Tydlig at en ny liten sjef kommer til oss snart ;-)
 
Jaja, kjolen under var koslig å hekle, gikk veldig fort, med tykt garn og heklekrok nr 4,5. Strevde litt med å forstå oppskrifta i starten, noko eg ofte føler eg gjere med dropsoppskrifter, men når eg først kom i gang så gikk det veldig greit. Oppskrifta finn du her (BabyDROPS 20-20 by DROPS Design).
 
 
Siden eg har en veldig kjedelig betennelse i venstre handa, prøver eg så godt eg kan å ligge unna strikkepinnane (noko som er vanskelig, strikkeabstinensane er kraftige). Fann derfor ut eg måtte prøve å hekle en kjole, for då bruker en jo høgrehanda :-) (Løsningsorientert ;-)
Garnet var noko eg hadde liggande, drops lima 65 % ull og 35 % alpaca.
Veldig fornøgd med garnet og fargane, greit å ikkje berre ha rosa :-)

 
Skjørte delen er hekla med halvstavar, mens overdelen er fastmasker. Har også hekla eit lite belte/band til å ha i livet.

 
Egentlig er eg ein treknappar person, syns det ser så naturlig og fint ut, men hadde ingen som passa så då enda eg opp med å sette i to lillaglitter knappar. Ein blomst og ein sommarfugl, vart veldig fornøgd med det også :-) Ei kvar prinsesse bør glitre litt :-)




Ha ein fin dag :-)
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...