Sider

onsdag 27. november 2013

Mammasysler og små pauser i kvardagen

Med en aktiv treåring og ei lita prinsesse på 4 mnd så blir egentida litt begrensa, det skal ikkje stikkast under en stol, men nokon små lommer innimellom passer eg på at eg får. Det trur eg er super viktig, for sjølv om eg storkoser meg som tobarnsmamma så er det likevel veldig viktig å ha litt tid for seg sjølv og sine interesser innimellom. I dei små lommene har eg blant anna strikka på dei såkalla "djevelhuene". (For et trist navn, på så fine huer.)
Huene er meget enkle å strikke og har ein super passform.
Så enkle og raske å strikke at det har blitt produsert heile 4 stykker.
 
 
Dei blå er alle strikka med baby merinoull fra Gjesdal, mens den bakerste i grå og okergul er i inka 100% superfine alpakka fra Rauma.
 
Prinsessa var den perfekte modell, smilte og koste seg :-)
 
 
Denne grå og okergule hua skal ho ha, og planen er å strikke ei jakke til om eg får tid.

 

 

 


 
 
To lyseblå, ei i str 6 mnd og ei i str 0 til 3 mnd (den mangler band foreløbig).


 
Ei mørkeblå i str 6 til 9 mnd.

 
Ha ein fin kveld :-)
 
 
 
 


søndag 10. november 2013

Tur til Sunnfjord og fiske(u)lykke

For ei lita tid tilbake, i høstferien,  så tok Tilde, Theo og eg ein liten tur til mine heimtrakter, mens mannen i huset måtte jobbe. Må berre vise litt bilder av den flotte naturen, skulle ønske eg kunne tatt med meg litt av den tilbake.


Utsikten fra mine foreldre sitt hus, Sande city ;-) 


Eine dagen var det fisking som sto på plakaten, tøffe lille prinsen min syns det var stas. Her i nystrikka sabeltann genser fra bestemor :-)


Vakrare blir det ikkje spør du meg :-)


Morfar og Theo prøver fiskelykken.


Etter ei stund må eg innrømme at eg var ganske lei, fisketolmodigheten min er nemlig veeeldig begrensa. Ikkje liker eg å fiske heller, men etter ei stund fann eg ut at eg måtte ta grep. Sa då litt kjepphøgt; få den fiskestanga så vi kan få ein fisk her.
Kasta to ganga og gjett kva som beit på kroken :-/
Ein ørret.
Eg som aldri har fått fisk før. Eg hadde jo berre spøkt om at eg skulle få fisk og plutselig så sto eg der med fiskestanga og ein fisk i andre enden. Innrømme så gjerne at det var like før eg kasta heile fiskestanga i vatnet berre i reint sjokk.
Heldigvis så fikk eg no sveiva den inn og prinsen syns dette var kjempe artig :-)




Herlig å berre sitte å nyte utsikten også :-)


Ha ein fin kveld.

tirsdag 5. november 2013

Kjørepose i ull

 
Før eg fikk sønnen min, som no er 3 1/2 år gammel, begynte eg å strikke på denne kjøreposen i ull. Tenkte at den ville bli perfekt til å ha i bilstolen, men plutselig kom Theo og posen vart gløymd.
Den har lagt halvferdig i ei skuff og plutselig her en dag kom eg på den og fann ut at no var det påtide å bli ferdig.
Tok ikkje lange tida før posen var ferdig og i bruk, heilt perfekt til prinsessa. Siden posen er i ull helde den ho varm og god, samtidig så ho ikkje klarer å sparke den av seg slik som ho gjere med tepper.
 

 
Først syns eg posen såg litt kjedelig ut, men når eg fikk på dei dusrosa knappane så vart eg kjempefornøgd. Syns dei pynta veldig opp.

 
Viktig med opning til beltet :-)

 
Posen er strikka i garnet Freestyle fra Dalegarn, med pinne nr 3,5 og 4 og oppskrifta er fra heftet Strikkedesign til Baby nr 203 fra Dalegarn.
I utgangspunktet så skulle det være armer på den, men det valgte eg å droppe, fordi eg var redd det ville bli klumpete og i veien. Veldig glad for det valget. Istedetfor armer valgte eg å hekle ein kant rundt.

 
Ha ein fin strikkekveld.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...