For ei lita tid tilbake, i høstferien, så tok Tilde, Theo og eg ein liten tur til mine heimtrakter, mens mannen i huset måtte jobbe. Må berre vise litt bilder av den flotte naturen, skulle ønske eg kunne tatt med meg litt av den tilbake.
Utsikten fra mine foreldre sitt hus, Sande city ;-)
Eine dagen var det fisking som sto på plakaten, tøffe lille prinsen min syns det var stas. Her i nystrikka sabeltann genser fra bestemor :-)
Vakrare blir det ikkje spør du meg :-)
Morfar og Theo prøver fiskelykken.
Etter ei stund må eg innrømme at eg var ganske lei, fisketolmodigheten min er nemlig veeeldig begrensa. Ikkje liker eg å fiske heller, men etter ei stund fann eg ut at eg måtte ta grep. Sa då litt kjepphøgt; få den fiskestanga så vi kan få ein fisk her.
Kasta to ganga og gjett kva som beit på kroken :-/
Ein ørret.
Eg som aldri har fått fisk før. Eg hadde jo berre spøkt om at eg skulle få fisk og plutselig så sto eg der med fiskestanga og ein fisk i andre enden. Innrømme så gjerne at det var like før eg kasta heile fiskestanga i vatnet berre i reint sjokk.
Heldigvis så fikk eg no sveiva den inn og prinsen syns dette var kjempe artig :-)
Herlig å berre sitte å nyte utsikten også :-)
Ha ein fin kveld.
Her var det mange fine bilder frå Sunnfjord og ein koseleg dag. Skulle hatt fleire slike.
SvarSlettJa, ja du skal ikke ta munnen for full, vet du. En herlig historie, jeg har lest og smilt :-) Ha en fin kveld / uke dere også. Klem farmor :-)
SvarSlett