Sider

tirsdag 29. april 2014

Uglehue

 
Eg har lenge tenkt at eg har lyst å lage ei uglehue til prinsessa, for eg syns dei er så skjønne. I påsken fikk eg endelig sjansen og i dag fikk eg sydd fast tråane. Så fornøgd trippa eg rundt og venta på at ho skulle våkne fra luren sin, berre for å oppdage at hua var for liten :-(
Jaja, ikkje anna å gjere enn å begynne på ei ny, for eg vil ha ei sånn hue til prinsessa ;-)
 
 
Hua er hekla i 100 % alpakkaull, med heklenål nr 3. Hadde ikkje oppskrift, har kun sett på bilder av ulike uglehuer på nettet og lage min variant.

 
Valgte ei sovande ugle og brukte litt trådrester til øyrer :-)
 

 
Hekla også ein liten blomst eg hadde tenkt å ha på hua, men syns den vart litt i største laget og tok for mykje fokus, så den får eg spare til eit anna prosjekt. Oppskrifta på den fann eg på dropsdesign sine sider.



Måtte også legge ved eit bilde av helgas nydelige solnedgang, bildet er tatt på terassen vår. Ser ut til å bli like fin solnedgang i dag, men dessverre er det litt kjøligare i dag og ikkje muligheter for å sitte ute. 

 
Ha ein fin kveld.

tirsdag 22. april 2014

Babysmikker

 
Fire nye babysmikker (0 til 2 år ca) har sett dagens lys. Har riktignok kun bilder av to av dei, for to er allerede gitt vekk i gave :-) Har ganske mange til prinsessa, men kommer garantert til å lage fleire, for dei er kjempe gode i bruk og ser fine ut på.
 
 
Strikka i drops merino ekstra fine, på pinne nr 3, i to ulike lillafarger.

 
Smikkene er i 100% ull, men tåler 40 grader, eg har dei i tørketrommelen også, då tover dei bittebitte litt, men det synes eg berre gjere dei enda betre. Då tar det lenger tid før dei blir gjennomvåte og siden det er ull så blir ikkje prinsessa kald sjølv om smikkene er litt våte.

 
Pynte kanten er strikka på tilslutt og gjere smikkene ekstra fine.


 
Ellers har vi innvia sommerstua for sesongen i dag, med nybakte skillingsboller :-) Så koslig, gleder eg til å bruke den meir utover våren og sommaren. 







Ha ein fin dag. 

mandag 21. april 2014

Påsketur til Hopsfjellet

Denne påska har eg stort sett jobba, har nemlig begynt å ta litt ekstravakter innimellom, så kjekt. Er veldig glad for at eg skal få være heime med prinsessa heilt til ho blir 2 år, men samtidig syns eg det er supert å kunne ta ei ekstravakt eller to når eg har lyst og det passer.
 
I dag hadde eg fri og då benytta vi anledningen til ein liten påsketur i sola :-)
Turen gikk til Hopsfjellet i Sveio.
 

 
I følge turboka eg har så skulle turen ta to timer t/r, men vi brukte halvanna time opp og en time ned. Litt bratt, men for en fantastisk utsikt på toppen.


 
En fornøgd gjeng på toppen :-)



 
Tru det eller ei, men påskeharen hadde vært på toppen før oss og lagt igjen eit lite egg. (Påskeharen hadde nemlig litt travelt på lørdag med å jobbe kveldsvakt ;-) 
 
 
Theo fikk farten opp når han såg ein pose, som egget fra påskeharen var i :-)
Oppi var det litt smoothi og nonstop.

 
Prinsessa hadde det meget behagelig på ryggen min, og sovna på vei heim :-)

 
Ha ein fin kveld.
 

torsdag 17. april 2014

DIY Garnkake

I dag skulle vi i bursdag, (tru det eller ei, men det var bursdag nr 5 på seks dager), og eg må innrømme at eg begynte å gå tom for gaveideer. Heilt til eg kom på at eg hadde sett eit bilde av ei garnkake en gang på internett, fann såklart ikkje igjen bildet, men har laga fleire bleiekaker og tenkte at det sikkert fungerte å bruke litt samme prinsippet.
 
 

 
Kjøpte derfor et familien, 14 nøster garn og to ulike typar strikkepinnar (eine var korte strømpepinner og det andre paret var rundpinner på 30 cm). Så fann eg ei papplate som eg dekte med aluminiumsfolie.

 
Bladet rulla eg sammen og brukte som stammen i kaka, for så å dandere garnnøster rundt. Banda holder nøstene fint på plass og er med på å pynte kaka. Innimellom nøstene stakk eg nedi strikkepinnane. På bildet under ser du eine typen, dei andre er på baksida.  

 
Denne kaka er kjempe enkel å gjere så dyr eller så billig som ein vil. Ved å putte eit eller fleire blad i midten, dyre garnnøster, meir pynt som fleire typar strikkepinnar og ein kan også ha små poser med knappar som pynt.

 
I denne kaka er det ein del garn fra Spar kjøp og nokon nøster fra Sandnes garn. Pinnane er bambus, då eg veit mottaker helst strikker med det.

 
Så er det berre å pynte med celofan og servere kaka :-)

fredag 11. april 2014

Gravemaskinkake

Den flotte prinsen vår fyller 4 år og i måra er det duka for barneselskap. Han hadde et stort ønske om gravemaskinkake og då måtte han jo få det :-)
 
Enklare kake skal en leite lenge etter.
Lage ei langpannesjokoladekake, litt nonstop og kakepynt som vei, 4 lys som lyktestolper, grave et hull i kaka og kjøpe ei gravemaskin og en bulldoser, vips ferdig :-)
 
 

 
Kaka er faktisk fri for hvetemel, egg, nøtter og melk, men smaker som ei heilt vanlig sjokoladekake.
Testa oppskrifta i fjor og ingen vart sjuke, så då håper eg at det går fint i år også.
Allergier er ingen hindring i dette huset :-)


 
Gleder meg til prinsen våkner i måra og ser kaka, trur han kommer til å bli veldig fornøgd :-)
 
 
 
 
Ha ein fin kveld. 

lørdag 5. april 2014

Vikinghue og apekattbukse :-)

 
Plutselig var det vår i Haugesund og ullhuene til prinsen vart alt for varme. Bomullshuene fra i fjor var blitt alt for små, så då var det berre å ta fram symaskina.
Har fått litt spørsmål fra veninner om eg ikkje har hørt om butikk, hihihi.... joda, men det er jo mykje kjekkare med heimelaga ting :-)
 
 
Hua er sydd i økologisk jersey og kjøpt i kjellaren på Sy med oss butikken i Haugesund. Fantastisk god kvalitet og kan virkelig anbefalast. Itillegg tok ho som solgte stoffet seg tid til å fortelle korleis eg lett kunne sy ei hue på 123, det kaller en fantastisk service.  

 
Hua kan brukast med eller uten oppbrett :-)

 
Når eg først hadde maskina framme så måtte eg sy ei bukse også. Stoffet kjøpte eg for leeeenge siden, så det var på høg tid å gjere det om til ei tøff bukse til prinsen. Han vart så fornøgd, og nekta og ta den av. Ekstra kjekt å sy til prinsen, når en får en sånn positiv reaksjon.

 
Lyse blå apebukse i bomull, perfekt leikebukse då den er lett å bevege seg i.
Har brukt mønster fra stoff og stil, ballongbukse.

 
Ha en fin helg :-)

onsdag 2. april 2014

OLhue igjen


 Prinsen måtte få OLhue, iallefall siden han spurte så fint om eg kunne lage :-)
Kjekt når han har lyst på heimelaga ting, då er eg ikkje så vanskelig å be.



Han vart kjempefornød og då er eg og fornøgd :-)


Hua er hekla i limagarn fra drops, som er ei blanding av ull og alpakka.
Brukte heklekrok nr 4 og hekla halvstava til eg syns hua var lang nok, denne hua er baggy og såpass stor at eg trur den kan passe neste vinter også :-)


Måtte sette på merkelappen min også.


Ha en fin dag.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...