Sider

onsdag 20. august 2014

Hekla smetteskjerf og hårband

Det føles egentlig som om verden burde stoppe opp litt, istedetfor så fyker den avgårde uten hensyn. Det er berre å klore seg fast å henge på så best en kan.  
8 aug mista eg mi kjæraste bestemor, og som så mange seier var det både forventa og naturlig siden ho nærma seg 91 år. Likevel er savnet stort, for ho var en unik person som har lært meg så utrulig mykje. Ho vil alltid være høgt elska og djupt savna.
En ting ho var meget god til var å være ei god husmor og ikkje minst flink med ungar, så derfor føles det ekstra godt at eg skal få være heime et heilt år til med prinsessa mi før ho begynner i barnehagen.
 
Då eg ikkje har orka å styre med dei heilt store prosjekta, har eg fått laga eit par små, for litt handarbeid i kvardagen må en ha :-)
 
 
Prinsessa har derfor fått seg eit nytt smetteskjerf og eit nytt pynteband.
 
 

 
Både skjerfet og pyntebandet er hekla med heklenål nr 3 og garnet Drops baby alpaca silk og er mjukt og godt.
Pyntebandet og blomsten på skjerfet har eg funne oppskrift på dropsdesign sine sider, mens skjerfet er hekla med egen oppskrift.


 
Fargen er dus rosa og passer perfekt til ei lita prinsesse :-)




 

torsdag 7. august 2014

Majas gulpeskjerf

 
To nye gulpeskjerf, eller siklesmekker som eg kaller dei, har sett dagens lys. Disse var også en gave til en av prinsessas venner som vart 1 år.
 
Stoffet med elefanter på er i bomull og er utrulig mjukt og godt, vanskelig å forklare, men syntes stoffet var heilt annerledes enn andre bomullsstoffe eg har kjent på. Akkurat som det er litt fluffy.
Har heldigvis ein god rest igjen av stoffet så trur jammen eg skal lage to smekker til prinsessa også.
Smekker får en aldri nok av, føler eg iallefall.
 

 
Har slått i trykknapp på begge smekkene. Då er det enkelt å opne og lukke dei. Mønsteret på smekkene er fra boka "Made by me". 



 
På baksiden av smekkene er det fleece, slik at dei tåler mykje sikkel eller gulp før det går igjennom. Smekkene kan også vaskast på 40 grader. 


 
Om nokon litt meir erfarne innen sying veit navnet på denne typen bomull som eg har brukt, gi meg gjerne et hint. Stod nemlig kun bomull på den stoffbiten eg hadde.
 
Ha en fin dag:-)
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...