Sider

lørdag 27. september 2014

Strikkasokker og garnhamstring

Når det kommer til garn så er eg akkurat som en liten hamster. Kjøper og lagrer, pynter litt med det og liker å tenke på alle prosjekta eg kan lage med garnet. Problemet er ofte at eg ikkje får så god tid til å lage noko som eg trur, og plutselig kommer det nye fristelser i garn og eg hopper på det istedet for det som ligger heime. Sist tida her eg gått gjennom lageret, skrive opp kva eg har og ikkje minst kor mykje eg har i gram. Må innrømme at eg vart litt sjokkert over mengden, og hadde en liten avtale med meg sjølv om ikkje å handle meir garn før eg har brukt opp litt. Begynte derfor på eit par ullsokker til prinsessa.
 


Garnet er arwetta classic 80% superwash mrino wool, 20 % nylon. Brukte pinne nr 2,5 og ei oppskrift på dropsdesign sine sider. Garnet er veldig godt å strikke med og sokkane vart mjuke og gode. I oppskrifta sto det 12 til 18 mnd, og siden prinsessa er 14 mnd, tenkte eg det ville passe, men sokkane er dessverre alt for store. Kunne rekt opp og strikka dei litt mindre, men heller strikke nye enn å rekke opp ;-) Så disse tenkte eg gi vekk til ei anna prinsesse som forhåpentligvis passer dei :-)

 
Så har eg altså gjort det eg ikkje skulle, nemlig kjøpt litt nytt garn ;-)
Prinsen ønska seg nemlig ny hue til vinteren og då må man jo strikke ei, i tillegg så hadde favoritt strikkebutikken min Sy med oss fått inn det spennande garnet med refleks i, og sist men ikkje minst har eg jo minska garnlageret med heile 28 gram med dei sokkane. Då er det jo lov å kjøpe nytt garn, det andre garnet kan eg berre lagre litt til, så hamsteren i meg :-)
 
 


Garnet med og uten blitz, trur dette blir ei varm og god hue som i tillegg er ganske praktisk i høst og vintermørket :-)
 

 
 
Ha ein fin helg hilsen hamsteren ;-)

onsdag 24. september 2014

Hekla blomstereng

Farmora til prinsessa mi strikka ei jakke og begynnelsen på ei hue, men siden det skulle heklast ein del på både jakka og hua lurte ho på om at eg kunne gjere det ferdig siden ho ikkje kan hekle.  Eg syns det såg veldig spennande ut og kasta meg over prosjeket.
 
 
Eg må innrømme at det tok ikkje så veldig lang tid før eg vart litt motlaus, det viste seg nemlig at det skulle heklast ein liten bataljon små blomster :-( Blomstene er små og er relativt kjappe og hekle, men det er smått og litt vanskelig å jobbe med. Tråden er litt tung å hekle med, for ikkje snakke om alle trådane ein må feste :-O

 
Eg tok derfor med meg prosjektet på strikkekafe, og der fikk eg hekla ein god del, og når eg begynte å sjå kor fint dette komme til å bli, så fikk eg hekle lyst og energi igjen. No er det kun litt festing av tråder igjen av hua så er den ferdig :-)

 
Ei lita blomstereng hue :-) Gleder meg til å prøve den på prinsessa.

 
Innimellom dette langtidsprosjektet, jakka skal nemlig ha "litt" blomster den og, så har eg sydd ei ny smikke til prinsessa :-) Greit å bruke opp litt restestoff og ikkje minst praktisk med mange smikker.


søndag 21. september 2014

Strikka kjøkkenklut

 
Bloggverden har stått litt stille i det siste, men mangt et prosjekt har forlatt pinnane likevel. Blant anna ein ny klut etter oppskrift av Bittamis. Mønsteret til kluten finn du gratis på facebook, på Bittamis Disign sin side.
Denne kluten heiter egentlig gledelig jul, men syns det passer året rundt eg :-) 
 

 
Også denne gangen har eg brukt pinne nr 3,5 og garnet Petunia. Veldig godt garn å strikke med, og siden eg har eit par nøster til i garnlageret mitt, skal du ikkje sjå vekk fra at det dukker opp ein klut eller to til. Då er det likevel slutt på klutestrikkinga, trur eg ;-) Får være grense på kor mange klutar ein skal bruke tid på å strikke :-)


 
Ha ein fin strikkehelg :-)
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...