Sider

lørdag 16. april 2011

Krise.... eller??


Vi kjøpte oss nytt teppe for ikkje så lenge siden, ca en mnd, og i kveld skjedde det som ikkje skal skje. Min kjære mann klarte å velte eit heilt glass med solo ned på teppet :-( (Innrømme at eg trudde Theo skulle få den æren) Vel vel, krise er det første en tenker. Eg derimot sa: hent potetmelet. Så tømde eg potetmel over heile soloflekken. Trikset er å dekke heile flekken med potetemel, viktig at en ikkje prøver å tørke vekk det en har sølt først. Så må en la det tørke til neste dag. Då er det berre å støvsuge alt opp, og teppet er like fint :-) Kjempe lurt :-) Så ha alltid potetmel på lur, så slipper en kjedelige flekkar på teppet.


Ellers så har eg faktisk henta fram scrappesakene mine igjen i dag. Å då ser det sånn ut i staua vår :-( Siden scrapperommet mitt no er barnerom så må scrapping foregå i staua, noko som faktisk gjere at det blir litt lite. Syns det er litt kjedelig å dra fram alt, for så å rydde alt ned igjen etterpå. Tar veldig tid, og lettare når alt står framme. (Så ser stoooort fram til eget hobbyrom i huset. Er faktisk berre en mnd til vi flyttar :-) Jippiii!!!! Vel eg fikk scrappa nokon kort eg måtte ha, så eg er fornøgd. Var tomt for batteri på kameraet så bilder av korta får de få sjå en annen gang.

Då må de ha ei god helg. Takk for alle koslige kommentara. Varmer veldig. Tar gjerne i mot fleire ;-)

fredag 15. april 2011

Trekning :-)

Då har eg eeendelig fått trekt vinnarane av give awayen :-) Så kjekt at så mange hadde lyst å vere med, heile 44 lodd vart det tilsammen. Overlykkelig :-) Skulle trekt for ei stund siden, men ikkje alltid at ting går etter planen. Stakkars lille prinsen min har vore sjuk, heldigvis er han på bedringens vei no. I tillegg har eg styrt på med eksamen, men no er den levert. Pjuh, godt å få den unna. (riktig nok fikk vi en ny heimeeksamen i dag, men det er heldigvis ei lite stund til den skal inn.)

Vel såå til vinnarene.
*
**
***
første premien går til
*
**
***
****
*****
******
********
Trine Aga :-)

gratulerer !!!

*
**
***
****
første trøstepremie gikk til 
*
**
***
****
*****
******
*******
********

Hanne :-)

Gratulerer !!

andre trøste premie gikk til
*
**
***
****
*****
*******
********

Jumbo :-)

Gratulerer!


Skal legge ut bilde av premiane, men fordi eg vil at dei skal vere en overraskelse til dei som får dei, så legger eg dei ut når dei har mottatt.
Og til dei som har vunne, sorry, men pga påskeferie så får dåke ikkje premine før etterpå. Vel, dei som venter på nokon godt.....;-)

Eg treng forresten adressene til dåke som har vunne :-) Fint om dåke kan sende dei til meg på mail.

Til Trine som vant heklahue, fint om du også skriver kva fargar du ønsker. Du kan velge mellom: Kvitt, svart, brunt, lys rosa, gamal rosa, mørk lilla, lys lilla, lys blå, mørk blå, turkis, grå. Skriv kva kombinasjon du ønsker og viss du har sett ei hue på bloggen her du ønsker så berre sei i fra.

Då må dåke alle ha ei kjempe fin helg.

tirsdag 12. april 2011

Hu hei kor da går ...


Tenk at prinsen vår blir 1 år i morgon :-) Heilt utruleg å tenke på, tida har gått så vanvittig fort. Vel dagen skal i allefall feirast og det med heile to selskap. På dagen komme alle barselvennane + mammene og på kvelden blir det familieselskap. Så i dag har eg bakt og bakt og... Ei bløtkake (glutenfri og nøttefri) ei astridskake (gluten og nøttefri) og muffins (også gluten og nøttefri, i tillegg til melkefri). Sånn er det når det er allergia i alle retningar :-) (ok, en liten innrømmelse, muffinsane er toro sine :-/ sånn kan det gå, men dei er veldig gode, lette å lage og det likar vi. Putta oppi litt hakka sjokolade så dei blir ekstra saftige) Resten er 100% heimelaga av meg :-)


Muffinsane :-)
Bløtkaka, med vaniljekrem, banan og sjokolade fyll :-)
Astridskake er dessverre ikkje ferdig pynta, så ingen bilde av den.
Pjuh... skal seie det tar på å vere super mamma ;-) Iallefall når Theo har vore småsjuk, eg er småsjuk (lure på om det kan vere pollensesongen som plage) og eg har heime eksamen som skal vere inne på fredag :-/ Heldigvis er det gruppeoppgave så vi har del arbeidet mellom oss, det hjelper meget på.
Planen for morgondagen er iallefall som følger. Frokost, pynte siste kaka, rydde bittelitt (heldigvis ikkje så mykje) pynte med ballongar og dekke bordet. Så tenkte eg at prinsen min skulle ta seg ein gooood lur i morgon slik at eg får skrive på oppgåva mi. Så er det tid for babysvømming, og deretter går det slag i slag med selskap. Vel vel soving er for pingler er slagordet for tida ;-)

Husk at fristen for å vere med på give awayen min er i morgon. Tipper eg trekke vinnaren på torsdag, ser ikkje ut som det blir tid til det i morgon.

Ha en fin dag.

mandag 11. april 2011

Oppskrift

Fikk spørsmål om eg kunne legge ut oppskrifta på hamburgerbrøda, klart eg kan. Trykk på bildet så blir det større, og oppskrifta enklare å lese. Oppskrifta kan like brukast til rundstykker, brød... osv. Ein kan også lett gjere den finare med å bruke kun fint mjøl eller grovare ved å bruke meir grov mjøl. Berre fantasien som set grenser her :-) Lykke til.

søndag 10. april 2011

Ut på tur

I dag har vi vore på tur til Håvåshytta. Kjempe koslig tur, sammen med oss gikk ei fra barselgruppa med hennas lille prinsesse. Sola skinte og alt var berre herlig :-) Innrømme at turen var litt lengre enn forventa, men frista absolutt til gjentakelse.



Blir litt trøtt av å vere ute i frisk luft, iallefall når ein blir byssa konstant.


Framme med hytta koste vi oss med god niste :-)


Tilbake var det pappen som bar, godt å kunne dele, for var ganske tungt.




Ha en fin kveld.

lørdag 9. april 2011

Lørdagskos :-)

I dag har vore ein herlig dag med strålande sol. Her i huset handle vi for ei veke av gangen, enkelt og greit, samtidig som det er økonomisk. Då planlegge vi også kva vi skal ha til middag for heile veka. Av og til kan det vere litt vanskelig å komme på kva ein skal lage, føler ein ete dei same middagane oppigjen og oppigjen. Så der for var eg inne på matprat i dag. Der fikk vi tips til heimelaga hamburger med blåmuggost og bacon. Namm.... det vart rett og slett fantastisk godt. Komme definnitivt til å gjere det igjen.
 

Ferske hamburgerbrød rett fra ovnen :-)
Under ser de resultatet :-) Har du og lyst å prøve så kan du gå inn her. Kjempe godt og veldig enkelt.


 
Resten av kvelden skal eg slappe av og kose meg med strikking :-)

fredag 8. april 2011

Nytt navn

Har lenge tenkt at eg ønska nytt navn på bloggen min, har skrive om det før også. Fikk inn mange gode tips, men klarte ikkje bestemme meg. Mange av navna var kjempe gode, men passa ikkje heilt til alle dei ulike hobbyane. Inspirert av en av mine favorittforfattara fann eg ut at maskeblomster var det perfekte navnet. Det passer til alle hobbyane, syns eg iallefall :-)
God natt :-)

Monsterbukse framgang...


Då var monsterbukse nr 2 på god vei :-) Hadde planer om å dele til beina i dag, men tida strakk ikkje så langt, så då får det vere til i måra :-) Denne gangen strikker eg med drops merino extra fine, 100% ull superwash. Så langt veldig fornøgd. Likte senjagarnet også, spesielt dei klare gode blåfargane, men syns drops garnet var litt betre å strikke med. Virke også så det er litt meir hold i dropsgarnet.

Ha ei fin helg alle :-)

tirsdag 5. april 2011

Alle gode ting er 4


Fire nye huer har sett dagens lys :-) Tre lyseblå og ei fleirfarga, fra str 6 mnd til 2 år :-) Med mindre eg får fleire huebestillinger (noko eg gjerne tar i mot), så blir de ein huepause.



Hua under er også strikka med eskimogarn fra drops, var eit blandingsgarn med mange fargar. Syns det såg fint ut når eg kjøpte garnet, men må innrømme at eg ikkje likte fargekombinasjonen når den var hekla. Prøvde å lage ein dusk for å pynte den litt til, men fortsatt ikkje fornøgd. 



Ha en fin kveld.

mandag 4. april 2011

Heklahue

Skal eg vere modell for ei hue til ???


Hahaha, neimen om eg gidde ;-)
(iallefall er dette smilet til en liten prins som klarte å røske av hua før eg fikk tatt bilde. )

 




Vel vel, slik ser hua ut, ganske så lik alle dei andre eg har laga. Str er 1 1/2  til 2 år. 




Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...