Enda ei heklahue, denne gangen i str 8 til 11 mnd ca, varierer litt etter kor stort/lite hovudet er. Denne passer iallefall akkurat til Theo som er ca 10 1/2 mnd. Også denne gangen har eg brukt 100 % ull, merket drops eskimo :-) Er veldig glad i drops sine garntypar og mønster. Utgangspunktet for denne hua er dette mønsteret, men har gjort nokon forandringar.
Prinsen min er blitt ganske så vand med å bli tatt bilde av, tør ikkje seie kor mange eg har tatt, så han smiler og poserer kvar gang kameraet kjem fram.
Kjekt å gjere seg til for kameraet :-)
Strikkadressen han har på seg er det hans farmor som har strikka. Den er berre utruleg fin, og ikkje minst varm og god.
God helg, legg gjerne igjen ein kommentar :-)
Så fin han var i hua og dressen, verkeleg fotogen.
SvarSlett