Sider

tirsdag 15. februar 2011

Operasjon gardiner FERDIG !!


FERDIG, og lykkelig. Endelig var eg ferdig med gardinene, og atter ein gong tenkte eg ALDRI meir ;-) Det var egentlig veldig kjekt å sy liftgardiner, fint vart det og. (Om eg skal seie det sjølv :-) Det som var kjedelig og gjorde at dette tok tid, var at eg måtte sitte på gulvet. Det er ingen god systiling. Likevel, det gikk og lærte mykje. Syns den minste gardina vart finast, men har nok med at eg allerede hadde sydd ei gardin. Samtidig så var det lettare når det ikkje var så masse stoff og forholde seg til. Vart veldig tungt på den store gardina. Kvaliteten på stoffet var meget bra, glad for det, men til et så stort vindu burde kanskje stoffet vore lettare. Til det minste vindauget fungerte det imidlertid veldig bra. Tenkte eg skulle legge ut en beskrivelse på korleis ein syr liftgardin, itilfelle det er nokon andre som har lyst å prøve seg på å sy sine egne gardiner, men det må bli en anna kveld. Var ikkje så vanskelig faktisk, sjølv om en skulle tru det ut i fra tida eg brukte :-) Trur eg komme til å prøve meg igjen, for var litt kjekt, men då kun til enkle vindu. Doble vart litt i meste laget for meg.


Før og etter




Her er gardina heilt nedtrekt :-)

Veldig fornøgd med resultatet faktisk, stua vår vart mykje lysare og kosligare:-)

Ha en fin kveld.
Posted by Picasa

2 kommentarer:

  1. Blei veldig fint, hjelper nok på salget tenker eg =)

    SvarSlett
  2. Syns og det blei veldig fint, må vere godt å vere ferdig.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...