Sider

onsdag 30. november 2011

Hekla juleengler

I forgårs var eg innom bloggen til minegenlaga og fann oppskrift på hekla englar. Syns dei var så fine at eg måtte prøve. Her er resultatet, to søte små :-) I hendene har eg feste ei rose, meint til scrapping, men syns dei fungerte godt her. Eg brukte drops design sitt merinoull garn. Har du lyst å lage englane trykk her. Anbefale uansett ein tur innom bloggen hennar, der finne du masse fint.





Englane har fått plass på kjøkkenet i trolltreet mitt, som eg har fått av ei eg jobber med :-)


Englane er også med på Pinnekroken sin utfordring Julen kommer.

mandag 28. november 2011

Julelys

 Hadde fire kvite lys i skapet og fann ut eg ville julepynte dei litt. Så fann fram ein serviett og litt pynteband.




Klipte til servietten og tok vekk dei bakerste laga, så la eg servietten på lyset og smelta bildet inn med ein varmepistol. Deretter festa eg eit band rundt.



Vips hadde eg fire julepynta lys. Siden vi skal feire jul i huset vårt i år, tenke eg å pynte julebordet med dei :-)

fredag 25. november 2011

Har du lyst har du lov

og i går fikk eg berre så lyst å hekle nokon oldemorruter :-) Vel under kan de sjå gårsdagens og dagens produksjon, skal ha tre til så seie eg meg fornøgd.



Går det like fort vidare, så skal eg vise fram ferdig resultat i løpet av helga.
Har hekla med drops eskimogarn, pinne nr 7 og oppskrifta fann eg på www.nostebarn.no
Der brukte dei riktignok anna garn og hekla fleire omgangar på firkantane, men mine vart såpass store pga garntykkelsen at eg kutta nokon rundar.

God helg :-)

onsdag 23. november 2011

Lykke

I dag var det ein liten prins som var hoppande glad, bokstavlig talt :-) Pappaen kom nemlig heim fra jobbreise med ein to bilar i kofferten. Det falt i smak, rett og slett.
(Mammaen var ganske glad for at gressenke var slutt og, bøye meg i støvet for aleinemødre i full jobb. Er så mykje kosligare å vere samla alle tre. I tillegg fikk eg den herlige parfymen, lykken komplett :-)


Sofaen blir daglig hoppa i og etter ein tur i trampetthallen med bhg, har prinsen begynt å stille opp før han hopper :-) Dei lære jammen fort desse søte små.




Humøret på topp, og litt nyskjerrig. 



Ha ein fin kveld.

tirsdag 22. november 2011

Hekla potteskjular

Det var virkelig ikkje sånn at eg har sluppe opp for handarbeid, men det eg holde på med tar sånn tid, og som skrive før, då må eg ha litt småprosjekt innimellom.

Så då fann eg ut at eg hadde lyst til å hekle ein potteskjular i samme garn og farge som heklaskåle. Under ser de resultatet.

Seie meg meget fornøgd og kunne tenke meg å gjere dette med fleire potter, men då må eg ha meir garn. Dette var nemlig kun restar eg hadde liggande.

Ha ein fin kveld.
Posted by Picasa

torsdag 17. november 2011

Hekla skål :-)

Som eg har sagt før så er restegarnkurva mi fylt til randen og vel så de :-/ Derfor har eg små prosjekter innimellom dei litt større prosjekta mine. (Ein annan vikig grunn, når eg strikke/hekle på større prosjekt, auke det motivasjonen å sjå noko bli ferdig innimellom. Då er små prosjekter geniale.) Ikkje minst så trengte vi ei lita plekterskål i staua. Mannen min er veldig glad i å spele gitar, og enten så ligge det plekter over alt ellers finne han ingen. No kan han enkelt finne dei i skåla :-)
Skåla er hekla i ullgarn, Cortina soft fra Gjesdal as. Heklenål nr 6.

Oppskrifta er mi eiga, funne på etterkvart som eg hekla. Måtte og lage ein lite blomst, for syns skåla vart litt grå og kjedelig uten. (viss eg huske oppskrifta i måra, og nokon ønskjer den, skal eg legge den ut)




Posted by Picasa

mandag 14. november 2011

Sklisikre ullsokkar på 1 2 3 :-)

 Det er ullsokketid, men alle veit at ullsokkar er skummelt glatt. Derfor var eg i dag på Panduro og kjøpte sklisikring.
Super greit, ta av korken og skriv teikn på sokkane. La tørke i 6 timar, så strykefikser på vrangen i 3 min. (still inn strykejernet på bommull)


Eg skriv eine etternavnet til prinsen bakpå, så då har eg ein sklisikker, god og varm ullsokk, ferdig merka for barnehagen :-) Kjempe lurt syns eg sjølv. Like ting som er kjapt, enkelt og kan gjere nytte for seg på meir enn ein måte.

 








Ellers har vi hatt heimedag idag pga planleggingsdag i bhg. Så då har vi nytta tida til litt lesing



og litt hyttebygging under stuebordet. Ellers har vi vore ganske trøtte og slitne etter nok ei natt med lite søvn.



Ha ein fin kveld :-)
Posted by Picasa

fredag 11. november 2011

Noe som varmer ekstra...

er et par gode ullsokkar eg ikkje har strikka sjølv. Det finnes nemlig ikkje noko kjedeligare enn å strikke sokkar, eg kan rett og slett ikkje fordra det. Å tru meg eg har prøv, gang på gang har eg blit lurt. Ja for det er det som har skjedd, eg har lest blogg på blogg der folk glad og fornøgd viser fram sine flotte strikkasokkar. Så har eg latt meg lure til å tru at dette er moro, men gang på gang komme eg halvveis i første sokken (host...barnesokken str 2 år :-/) og tenkt; å neeei. Lurt igjen :-(

Å eg kunne kanskje klart å motivert meg viss det kun var den eine sokken eg skulle lage, men ein må jo faktisk strikke ein til heilt lik. Dobbelt kjedelig rett og slett.


Heldivis har eg fleire snille familiemedlemmer som med jamne mellomrom gir meg sokkar :-) Å eg bli like glad kvar gong. Desse flotte sokkane eg har bilde av, har min snille svigermor strikka til meg. Ho har itillegg lage ein lite bunke med små sokkar til prinsen, så eg har ingen plana om å strikke så masse som ein halv sokk til. (Heilt til eg blir lurt til å tru at sokkestrikking er moro av ein eller anna blogg.)



Disse sokkane skal ikkje vere med på pinnekroken sin utfordring "noko som varmer", logisk nok siden eg ikkje har strikka dei sjølv, men har du strikka noko som varmer så hiv deg over utfordringen.
Posted by Picasa

tirsdag 8. november 2011

Noko som varmer øyrene :-)

Ei ny heklahue har sett dagens lys. Har vore knallflink å brukt kun restegarn, og for en gangsskuld hadde eg faktisk akkurat nok. (Har hatt nokon episodar der eg er flink å skal bruke restegarn, kun for å oppdage heilt på slutten at eg mangle bittelitt garn. Så ende eg opp med meir restegarn, enn før eg begynte på restegarnprosjektet.)

Hua er i 100 % ull, god og varm no til vinteren.

Den skal derfor vere med på Pinnekroken sin utfordring "Noe som varmer". Trykk her om du vil sjå fleire bidrag eller bli med sjølv.



Har du lyst til å hekle ei lik hue, så trenge du Eskimogarn fra Drops design og pinne nr 7 og oppskrifta er å finne på www.dropsdesign.no (trur den ligger under tilbehør eller hekla) Skulle gjerne lagt ut direkte link til hua, men dropsdesign sine sider var ikkje heilt med meg i dag.

Ha ein fin og kreativ kveld. No skal eg hive meg over ein ufo, som har lagt ei lita stund (les; alt for lenge).
Posted by Picasa

søndag 6. november 2011

Fotokonkurranse Øyeblikk

Bloggen Øyeblikk har ny fotokonkurranse, her er mitt bidrag:

Copyrigt: Cecilie Salt Hoftun

Bildet tok eg i New York og var det første eg tenkte på når eg hørde sangen. Mystikk, kjærlighet og skog var alle ord som inspirerte og som eg syns passa til både sangen og bildet.




 Denne gangen skal du la deg inspirere av denne sangen:

"PARALLELOGRAMS"


Har  du lyst å sjå fleire bidrag eller bli med sjølv gå inn på linken under.



Ha ein strålande søndagskveld :-)

lørdag 5. november 2011

Vår lørdag (nå redigert med bilder)

Vel idag har vore ein sliten og trøtt dag. Bihulene mine er ufattelig kranglete, og lage masse krøll. Prinsen er heller ikkje i form og våkna kl 5 i natt og meinte det var morgon. Å ta seg ein liten formiddagslur var også uaktuelt, men ein bitteliten (les ca 10 sek) kunne han slappe litt av på gulvet med pellefanten. Den fortsatt uferdige, men ganske store Pellefanten. Noko Theo beviser med å ligge ved siden av den. 



Nokon lurte på om det fantes ei oppskrift, og det gjere det. Fann oppskrifta på pellefanten i Allers, og har stort sett fulgt oppskrifta. Det eg ikkje gjorde var å lese på forhand, ja da eg veit at det står i begynnelsen av alle oppskrifter, men er det virkelig nokon som gidde det?? Viss nokon ønsker oppskrifta så send meg ein mail, så skal eg sende oppskrifta. Einaste advarsel er at Pellefanten er enormt mykje større enn den ser ut i oppskrifta, ja rett og slett nesten like stor som ein 18 mnd gammal Theo ;-)



Må og vise bilde av mitt framtidige prosjekt, har tidligare skrive om ein gensar eg fall pladask for. Garnet kom for ei god stund sidan, men eg har bestemt meg for å gjere ferdige nokon ufoar først. Eg må også planlegge litt før eg begynner denne gensaren, for oppskrifta var kun fra 6 - 8 år og eg vil ha str 3 år, så då må eg mekko og fikse litt før eg begynner.

Under ser de korleis gensaren skal bli, bildet har eg lånt fra Volda Mode. Mønster og garn er fra Viking design.



Ha ein fin kveld.

fredag 4. november 2011

Høstkos del 2

I dag har vore ein kjedelig dag, eg har lagt strekk ut med bihulebetennelse og feber. Er så veldig kjedelig å vere sjuk og det passe aldri. Strikkepinner og heklekrokar har fått ligge heilt i fred og tv er sikkert i ferd med å gå seg varm. Så har lite hobbyting å vise fram, men tenkte å vise fram litt meir av stua vår. Den har vore gjennom omfattande forandringar, og eg begynne å bli veldig fornøgd.

Noko av det siste vi har fått er ein kjempe fin gyngestol til Theo. Den er kjøpt på bruktbutikk, blitt pussa og malt kvitt, har deretter lagt ein sauepels oppi. Lykta fikk vi i innflyttingsgave og passe perfekt :-)

Gyngestolen med og uten sauepels :-)



Då skal eg finne veien til senga og sove meg frisk.
God helg :-)
Posted by Picasa

onsdag 2. november 2011

Høstkos i heimen :-)

Høsten har for alvor komme til Haugesund. Vinden ule rundt hushørna, og regnet piske på vindauga. Litt kjedelig, men jammen meg litt koselig og. Syns det er så herlig å sitte inne i varmen, strikketøy i hendene og masse stearinlys tent. Det er høstkos det, og då kan vinden og regnet berre styre på for min del :-)

Den fine hekladuken har eg fått av min mamma, så fornøgd med den heldige meg skal få ein til. Koppen fant eg på indiska, den var berre super herlig og perfekt som blomsterpotte :-)

 

Til og med litt høstlyng har funne veien inn. Prøvde å plante ut litt høstlyng ved inngangsdøre, syns det er så koslig, men det blåse så kraftig her at alle frøa blåste vekk. Så no er det kun stilkane igjen, så då får vi heller pynte inne.



Ha ein fin og koslig høstkveld :-)
Posted by Picasa

tirsdag 1. november 2011

Oppskrift på pulsvarmere


Tenkte eg skulle legge ut oppskrift på pulsvarmarane over. Veldig enkle og gjort i ein fei :-)

Garn: 100 % baby Llama designer`s choice Elsebeth Lavold.
Heklepinne nr 5,5

lm = luftmaske
fm = fastmaske
st = stav

Viktig hekleinformasjon: På slutten av alle omg. uansett om du hekle lm, fm eller st, skal du hekle ei lm til å snu med.

1. omg:  25 luftmasker (+ ei lm til å snu med, les hekleinformasjon)
2. omg: 1 fm i kvar lm
3 og 4 omg: 1 fm i kvar fm
5. omg: 1 st i kvar fm
6. omg: 1 fm i kvar st
7-9 omg: 1 fm i kvar fm
repiter fra 5. omg til 9 omg 3 gonga.
Fest tråen.
Legg langside mot langside (retta inn) og hekle (evt sy) sammen. Vips så har du ein pulsvarmar.

Om noko skulle vere uklart er det berre å spørre :-)

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...