Som eg har sagt før så er restegarnkurva mi fylt til randen og vel så de :-/ Derfor har eg små prosjekter innimellom dei litt større prosjekta mine. (Ein annan vikig grunn, når eg strikke/hekle på større prosjekt, auke det motivasjonen å sjå noko bli ferdig innimellom. Då er små prosjekter geniale.) Ikkje minst så trengte vi ei lita plekterskål i staua. Mannen min er veldig glad i å spele gitar, og enten så ligge det plekter over alt ellers finne han ingen. No kan han enkelt finne dei i skåla :-)
Skåla er hekla i ullgarn, Cortina soft fra Gjesdal as. Heklenål nr 6.
Oppskrifta er mi eiga, funne på etterkvart som eg hekla. Måtte og lage ein lite blomst, for syns skåla vart litt grå og kjedelig uten. (viss eg huske oppskrifta i måra, og nokon ønskjer den, skal eg legge den ut)
Skåla skal vere med på pinnekroken sin konkurranse Utfordring 17: kalendergaver og annet småstrikk :-)
Lita fin skål det der, godt å ha fast plassar til ting.
SvarSlettÅh, så utrolig søt skål :)
SvarSlettDet var ei veldig fin skål =)
SvarSlettFor en skjønn skål! Nå har jeg lagt til linkingen på Pinnekroken, så er bare å levere bidraget ;)
SvarSlett