Sider

søndag 2. september 2012

Hobbysøndag

For ei stund tilbake så kjøpte eg "litt" stoff, som skulle bli til ei bukse til prinsen. Eg var litt uheldig, les uvitande, om kor mykje stoff eg faktisk bestilte.
Heile 3 * 2 meter faktisk :-/
Host... bekymringa for at eg skulle ha nok stoff til ei bukse, jepp eg var faktisk bekymra, forsvann fort når eg fikk stoffet i posten. Då vart eg meir bekymra over kva i alle daga skal eg lage av alt stoffet. (Mulig heile barselgruppa må få like kjoler/bukser ;-) Hihihi... det hadde vært noko det. Vi er sju stykker og eg trur faktisk eg har nok stoff :-)
 
 
 
I kveld har eg iallefall klipt opp til ei selebukse til prinsen, og ei siklesmekke. I tillegg har eg klipt opp til ei hue, med fleece stoff innerst og ull ytters fra ei gamal jakke, samt ein liten aplikasjon på sidene fra et lite restestoff eg hadde.
No må eg berre finne ein kveld eg kan få sydd alt sammen :-)
 
 
 
Denne herlige jakka fra Benetton, hadde dessverre eit lite uhell i maskina for ei stund sidan, men skal få nytt liv som hue til prinsen.
 
 
Har også fått ferdig strikka varmeposetrekket, mangle kun å sy det sammen neders. Det kan eg ikkje gjere før eg har kjøpt varmeposen, noko eg har store plana om i morgan. Då skal eg også ta bilder i dagslys så ein kan få sett den faktiske fargen på garnet (grågrønn).




Ha ein fin kveld :-)

1 kommentar:

  1. Ser ut som det holder bra med stoff, ja :) Du får sy en kjole til deg selv og dress til mannen, så kan dere matche :) Hadde nok vært et syn :)))

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...