Sider

lørdag 9. april 2011

Lørdagskos :-)

I dag har vore ein herlig dag med strålande sol. Her i huset handle vi for ei veke av gangen, enkelt og greit, samtidig som det er økonomisk. Då planlegge vi også kva vi skal ha til middag for heile veka. Av og til kan det vere litt vanskelig å komme på kva ein skal lage, føler ein ete dei same middagane oppigjen og oppigjen. Så der for var eg inne på matprat i dag. Der fikk vi tips til heimelaga hamburger med blåmuggost og bacon. Namm.... det vart rett og slett fantastisk godt. Komme definnitivt til å gjere det igjen.
 

Ferske hamburgerbrød rett fra ovnen :-)
Under ser de resultatet :-) Har du og lyst å prøve så kan du gå inn her. Kjempe godt og veldig enkelt.


 
Resten av kvelden skal eg slappe av og kose meg med strikking :-)

fredag 8. april 2011

Nytt navn

Har lenge tenkt at eg ønska nytt navn på bloggen min, har skrive om det før også. Fikk inn mange gode tips, men klarte ikkje bestemme meg. Mange av navna var kjempe gode, men passa ikkje heilt til alle dei ulike hobbyane. Inspirert av en av mine favorittforfattara fann eg ut at maskeblomster var det perfekte navnet. Det passer til alle hobbyane, syns eg iallefall :-)
God natt :-)

Monsterbukse framgang...


Då var monsterbukse nr 2 på god vei :-) Hadde planer om å dele til beina i dag, men tida strakk ikkje så langt, så då får det vere til i måra :-) Denne gangen strikker eg med drops merino extra fine, 100% ull superwash. Så langt veldig fornøgd. Likte senjagarnet også, spesielt dei klare gode blåfargane, men syns drops garnet var litt betre å strikke med. Virke også så det er litt meir hold i dropsgarnet.

Ha ei fin helg alle :-)

tirsdag 5. april 2011

Alle gode ting er 4


Fire nye huer har sett dagens lys :-) Tre lyseblå og ei fleirfarga, fra str 6 mnd til 2 år :-) Med mindre eg får fleire huebestillinger (noko eg gjerne tar i mot), så blir de ein huepause.



Hua under er også strikka med eskimogarn fra drops, var eit blandingsgarn med mange fargar. Syns det såg fint ut når eg kjøpte garnet, men må innrømme at eg ikkje likte fargekombinasjonen når den var hekla. Prøvde å lage ein dusk for å pynte den litt til, men fortsatt ikkje fornøgd. 



Ha en fin kveld.

mandag 4. april 2011

Heklahue

Skal eg vere modell for ei hue til ???


Hahaha, neimen om eg gidde ;-)
(iallefall er dette smilet til en liten prins som klarte å røske av hua før eg fikk tatt bilde. )

 




Vel vel, slik ser hua ut, ganske så lik alle dei andre eg har laga. Str er 1 1/2  til 2 år. 





onsdag 30. mars 2011

Oppskrift på monsterbukse

Først av alt vil eg seie velkommen til nye følgara og takk for alle fine kommentara, glede meg :-) Dessverre litt dårlig blogging på meg for tida, har vore ei hektisk veke, men satse på at det komme seg litt i dagane framover. Tenkte iallefall at eg skulle legge ut oppskrifta på monsterbuksa.

Pinner: 4
(Eg brukte litt tjukkare pinna enn anbefalt på garnet)

Garn: Senjagarn 80 % superwash ull/ 20 % nylon.
Eg brukte 2 nøster mørkblåd, 2 nøster lysblå, 1 nøste kvitt og 1 nøste rødt.

Str: I følge mål av buksa er den str 92
noko som er ca 1 til 1 1/2 år, men buksa er større enn det. Prøvde den på Theo (11 mnd) og den var ganske så stor. Så eg vil seie den er meir ein str 2 til 2 1/2 år.

Strikkeinformasjon:
r - rett
vr -  vrang
omg - omgang
m - maske

Legg opp 136 masker med mørkeblå, strikk 2 r og 2 vr til strikket måler 8 cm.
Bytt til lyseblå og strikk kun r masker til strikket måler 20 cm
Del strikket i to, en bakdel og en framdel. Du skal no strikke munnen (rødfarge). Munnen strikker du ved å strikke fram og tilbake på bakdelen av buksa. (dette gjer at buksa blir høgare bak)

Munnen :

1 omg : strikk med rød 68 m snu
2 omg: strikk med rød 68 m snu
3 omg: strikk til det er 5 m igjen snu
4 omg: strikk til det er 5 m igjen snu
gjenta dette (å strikke 5 m mindre på slutten) 3 ganger på kvar side.

Strikk så over alle maskene med lysblå, strikk 2 cm før du begynner å auke.
Auk for skritt slik: 2 m midt forann og midt bak med 2 masker mellom. Gjer dette 4 ganga.

Del arb i to, bytt til strømepinner og strikk beina seperat vidare.
Strikk 9 omg før du begynner å felle føste gang. Fra no av skal du felle 2 m på innsida av beinet kvar 6 omg i alt 8 ganga.
(Eg har valgt å strikke beina stripete, med 8 omg i kvar stripe)
Når beinet måler 30 cm (eg har då strikke 5 mørkeblå striper og 5 lyseblå) begynner du å strikke brotet nede på foten. Strikk 2 r og 2 vr til brotet måler 9 cm. Fell av.

Auger og tenner syr du på med maskesting heilt til slutt.

Lykke til. Håper eg har klart å skrive oppskrifta forståelig. Har litt liten erfaring med å skrive opp mønster så gi beskjed om det er nokon som er uklart. Ta også gjerne kontakt viss du lurer på noko.


lørdag 26. mars 2011

Ballongbukse



For ei tid tilbake kjøpte eg (litt på impuls) stoff for å sy ei bukse til Theo. Har lenge hatt lyst å prøve å sy litt kle til Theo. Dama i sybutikken bedyra kor enkelt det var, eg beit på og kjøpte mønster og stoff. Vel, alt er enkelt når ein kan det, men eg syns ikkje det var så enkelt. Så derfor har buksa lagt halvferdig leeeenge. I forgårs var eg innom butikken igjen, og då fikk eg gode tips om korleis eg skulle fortsette. Med ny giv og sylyst prøvde eg igjen, og denne gangen gikk det. Det var jo faktisk enkelt ;-) Er meget fornøgd med resultatet. Ser at det er ein del feil osv.. på buksa, men trur faktisk det berre er eg som ser det. Kjem heilt garantert til å sy fleire slike.




Velkommen til nye følgare og takk for alle koslige kommentara :-) Så hyggelig.
Minner også om give awayen :-)
Ha en fin kveld :-)
Posted by Picasa

tirsdag 22. mars 2011

På leikeplass for første gang :-)

I dag var vi på leikeplass for første gang, som de ser på smilet falt det i smak. Med ny parkdress og sko, koste vi oss masse.

I begynnelsen var Theo litt skeptisk, men det snudde fort.

 

Å bli kasta i lufta av pappa, toppa heile opplevelsen trur eg. Ser sånn ut på smilet iallefall :-)



Minner igjen om give awayen, fortsatt god tid å hive seg med. Takker for alle koslige kommentara :-)
Ha en fin dag !
Posted by Picasa

mandag 21. mars 2011

Fort gjort

I dag tenkte eg at eg skulle vere lur, akkurat kor lurt det var ser en på bildene ;-) Prinsen min er kjappare enn lynet, det fikk eg bekrefta i dag. Han satt fredlig og leika i panneskapet mitt. Virkelig koste seg og viste ingen tegn til å ville flytte på seg. Det var då eg tenkte; la meg springe på do. Var ufattlig kjapp og skunda meg tilbake til kjøkkenet, og der satt prinsen og smilte stort. Eg var kjapp og kor mykje kan skje på såå kort tid? For å seie det sånn, han var kjappare og jo veldig mykje kan skje på kort tid.  Måtte berre le og forevige episoden.



Ha en fin kveld alle sammen :-)

Minner igjen om give awayen. Koslig at allerede så mange vil vere med :-)

Monsterbukse


Då var monsterbuksa strikka :-) Kjempe fornøgd med meg sjølv, som har klart å strikke ei bukse uten mønster. Det er likevel eit stort men, og eg skjønne kvifor ein har mønster, for buksa er alt for stor. Prøvde den på Theo i dag, han er riktig nok berre 11 mnd, men stor for alderen og buksa var alt for stor for han. Hem... Sånn kan det gå, då er det berre å sette igang å strikk ei til. Vel vel, fins verre ting, for eg syns det var knall artig å strikke denne buksa så tar det ikkje så tungt at eg må strikk ei til. (Skal legge ut mønster, men det må bli en annen dag, for må finpusse litt på det.)

Buksa sett bak. Munnen er på plass, tenna og auga skal eg sy på med maskesting.



Strikka brotet litt langt slik at buksa varer lenger.

Her er brotet bretta opp. Siden det ligge litt arbeid bak eit strikkeplagg, er det greit med sånne løysningar slik at ein kan ha buksa ei stund.


Brotet oppe, det skal også brettast i to. Tenkte ha ein strikk i slik at den sitter godt.

Buksa sett framme.

Dette bildet kan få meg til å grine :-( Litt for mange tråa å feste. Jaja, har komme et lite stykke på vei med den jobben siden bildet vart tatt.


Etter ein liten samtale med min mann, ser eg at eg kanskje må forklare kva brotet er. (Han skjøna ingen ting når han las det.) Problemet er berre at eg ikkje veit kva anna ord eg skal bruke. Iallefall så håpe eg at alle fortår det når dei ser bildene i tillegg. Oppe på buksa er det det samme som linninga og nede blir ,.... har ingen aning.
Minner om give awayen, hiv dåke med folkens.
Ønsker nye følgara velkommen og takkar for alle koslige kommentara:-)
Ha ein fin kveld.
Posted by Picasa
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...