Sider

mandag 21. mars 2011

Monsterbukse


Då var monsterbuksa strikka :-) Kjempe fornøgd med meg sjølv, som har klart å strikke ei bukse uten mønster. Det er likevel eit stort men, og eg skjønne kvifor ein har mønster, for buksa er alt for stor. Prøvde den på Theo i dag, han er riktig nok berre 11 mnd, men stor for alderen og buksa var alt for stor for han. Hem... Sånn kan det gå, då er det berre å sette igang å strikk ei til. Vel vel, fins verre ting, for eg syns det var knall artig å strikke denne buksa så tar det ikkje så tungt at eg må strikk ei til. (Skal legge ut mønster, men det må bli en annen dag, for må finpusse litt på det.)

Buksa sett bak. Munnen er på plass, tenna og auga skal eg sy på med maskesting.



Strikka brotet litt langt slik at buksa varer lenger.

Her er brotet bretta opp. Siden det ligge litt arbeid bak eit strikkeplagg, er det greit med sånne løysningar slik at ein kan ha buksa ei stund.


Brotet oppe, det skal også brettast i to. Tenkte ha ein strikk i slik at den sitter godt.

Buksa sett framme.

Dette bildet kan få meg til å grine :-( Litt for mange tråa å feste. Jaja, har komme et lite stykke på vei med den jobben siden bildet vart tatt.


Etter ein liten samtale med min mann, ser eg at eg kanskje må forklare kva brotet er. (Han skjøna ingen ting når han las det.) Problemet er berre at eg ikkje veit kva anna ord eg skal bruke. Iallefall så håpe eg at alle fortår det når dei ser bildene i tillegg. Oppe på buksa er det det samme som linninga og nede blir ,.... har ingen aning.
Minner om give awayen, hiv dåke med folkens.
Ønsker nye følgara velkommen og takkar for alle koslige kommentara:-)
Ha ein fin kveld.
Posted by Picasa

1 kommentar:

  1. Kjempefin bukse! Jeg har strikket en lignende til datteren min, bare uten monsterfjeset :-)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...