I går hinta eg om at eg var i gang med eit lite prosjekt, nokon tippa julekule, andre monstersokk eller hue, eg kan då avsløre at det var enda ei hue :-) Ei bitte lita hue, har tatt bilde av hua sammen med ei fyrstikkøskje for å vise kor lita.
Sidan eg er i mammaperm for tida, er eg med i ei barselgruppe. (Ei fantastisk gruppe, der alle passer i hop. Ganske fantastisk syns eg med tanke på at vi er satt i hop av helsestasjonen og einaste felles tingen er at vi har fått barn på nesten samme tid. Trives med alle og kjemien er utruleg god. Snart nærmar det seg slutten på permisjonstida for nokon av oss, ikkje meg skal heldigvis kose meg heime med prinsen ei god stund til, og vi har då snakka om å ha klubb i staden. Håpe vi får til det.) Vel det var ein laaang digrisjon, tilbake til poenget. Ei av barseldamene sende denne linken amandaprosjektet.
Så trist, men så fint at noko positivt har komme ut av det. Dette ville eg vere med på, derfor strikka eg denne hua, ei prematurhue. Forhåpentligvis kan den varme eit lite barn som har komme til verden så alt for tidlig. Har du lyst å bidra, trykk på linken over, amandaprosjektet, heilt nederst på sida står informasjon om kva dei treng og korleis du gjer det.
Hua er strikka med baby Merino ull, fra Gjesdal.
Så kom eg over ein utfordringsblogg, strikkere, så artig. Utfordringa der var at ein skulle leike seg med mariusmønsteret, fargar og bruksområde. Denne hua er difor med på den utfordringa. Er litt bekymra for at eg har leika meg vel mykje med mønsteret :-/ Vart litt reven med når eg satt å teikna mønsteret sjølv, inspirert av mariusmønsteret. Har du lyst å vere med på utfordringen til strikkere har du litt tid på deg enda, fristen er 15 mars. Premien var ein haug med fantastiske knappar. Gjett om eg har lyst å vinne det, hadde passa fint og siden eg har bursdag 15 ;-)
Fin hue til eit bra prosjekt. Håper du vinner utfordringa og =)
SvarSlettDen hua blei utruleg fin og ikkje minst går den til eit godt formål. Kryssar fingrane for at du vinn.
SvarSlettKjempe fin den hua blei. :)
SvarSlettMå ha vært litt av et mask siden den er så liten.
Håpe du har hatt ei finfin helg :)
Takk for at du deltar i utfordringen på Strikkere!
SvarSlettMåtte innrømme at jeg letet etter "Marius-innlegget", men så kjente igjen deler av mønsteret på lua ;) Lua ble veldig søt :)
Hei!
SvarSlettMor til Amanda her. Amanda sin Pappa - som leser over skulderen min nå - "googla Amandaprosjektet og bilder", og da kom den søte, lille lua di opp, og da måtte jeg bare sjekke hvr den kom fra :-)
Så utrolig, utrolig kjekt, og så jillt at du vil være med å bidra, og at du deler prosjektet vårt med flere!!!
Vi lærte forresten på siste levering at i tillegg til å gi varme og bety en forskjell for foreldrene, så bidrar lua di også til å minke risikoen for hjerneblødning hos premature :-)
TAKK!
Bjørg Berge-Øvrebø
Mor til Amanda