Sider

torsdag 17. mars 2011

Livsteikn


På tide med ei lita oppdattering. Har vore stille på bloggen min siste dagane, men det betyr ikkje at det har vore stille hos oss likevel. Her har det jammen meg skjedd mykje siste dagane.

Først av alt har eg hatt bursdag, fikk utruleg mykje fint. Blandt anna mugrugen de ser på bildet under. Fikk heile 6 slike søte små. Likte så godt fargane og mønsteret, heilt min smak. Litt twist og kaffi (fra Amundsen spesial) må ein ha på bursdagen sin :-) Rett og slett ein kjempe fin start, og den vart berre betre og betre.



Det var barseltreff på dagen min, og der fikk eg god mat og vafler med lys :-) Pluss mange (og då meiner eg mange) fine gaver. Så snilt av dei.



Så kom det aller beste, vi fikk solgt leiligheten vår. Dagen etter første visning, til over takst :-) Betre bursdagsgave kan ein virkelig ikkje få. Kjem for all framtid til å huske min 29 års dag :-)

Gløymde forresten å nevne at min flotte sønn toppa det heile med å sove heile natt til dagen min. Dei nettene er det meget lenge mellom så det var rett og slett fantastisk, det og.

Posted by Picasa

1 kommentar:

  1. Gratulere så mye med dagen på overstått, og ikkje minst gratulere med salget! heilt fantastisk, så glad for dokker! Og til og med over takst, endå bedre :-)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...