Sider

mandag 28. februar 2011

Enda ei..........

Tør nesten ikkje seie det høgt en gang, får kviskre, her komme enda ei heklahue ;-) Syns dei er så artige å hekle, går veldig fort og resultatet blir bra. Perfekt handarbeid å ha liggande, ein kan begynne å stoppe når som helst uten å komme utav det. I løpet av ein dag sitte eg mykje på gulvet å leike med min søte prins, men det hender av og til at han leike fint aleine. Då hive eg meg over ei hue. Når eg då må hive det fra meg, fordi han finne på noko "lurt", må redde han fra å dette, redde ein pynteting fra eit liv i deler eller han er lei av å leike aleine, går det heilt fint. Ingen ting som rakne, ingen telling å komme utav eller vanskelige mønster å huske. Rett og slett eit perfekt pause arbeid. Så det blir nok sikkert ikkje siste hua dåke ser her inne :-/

Under ser de nærbilde av hua, litt meir riktige farga enn på dei andre bildene. Burde såklart ta bilde om dagen i dagslys uten blits, men og dette er et stort men. Då føler eg at tida ikkje strekke til, med prinsen min, skulearbeid (studere vernepleien på deltid), forberede leiligheta til salg (skal flytte i hus i mai), ellers div ein må gjere i løpet av en dag (les: klesvask (haugen blir aldri tom, div rydding, lage middag, barseltreff, babysang/leikegruppe, babysvømming osv..) Hektisk å vere husmor, men vanvittig koslig. Nyte kvart eit sekund. Eller iallefall 99 % av sekunda.






Tenke nok at denne hua også komme i eplabutikken min. (Må berre ta nye bilder, fargane vart så feil.) Trykk her så kjem du direkte inn. Perfekte?? små gaver til deg eller nokon du vil glede. 100 % heimelaga :-)
Takk for alle koslige kommentare :-) Blir veldig glad for kvar einaste ein :-)

2 kommentarer:

  1. fin den hua og =) blei litt svimmel av å scrolle på bilda dine, er det ein effekt du har lagt inn ?

    SvarSlett
  2. Endå ei flott hue, likte fargane. Eg blei nesten andpusten av å lese alt du dreiv på med i løpet av ein dag.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...