Sider

mandag 7. mars 2011

Fram og tilbake er .....



dobbelt så langt spør du meg. Har begynt å strikke på ei ny prematur hue. Denne gangen i lyseblått. (Har ein del babygarnrester etter at eg strikka hentebukse til Theo. Siden desse huene er bitte små, får ein ganske mykje ut av dei restene :-) Dessverre så har eg gjort ein feil :-( Så no er det berre å rekke opp igjen, ufattelig kjedelig. Feilen er ein 6 -7 rader ned, så kunne vore verre, men kven like vel å gjere dobbelt arbeid.




Takk for at du tittar innom, alle kommentara blitt tatt godt i mot :-)

Ha ein fin mandag.

søndag 6. mars 2011

Masker med meining ........


I går hinta eg om at eg var i gang med eit lite prosjekt, nokon tippa julekule, andre monstersokk eller hue, eg kan då avsløre at det var enda ei hue :-) Ei bitte lita hue, har tatt bilde av hua sammen med ei fyrstikkøskje for å vise kor lita.
Sidan eg er i mammaperm for tida, er eg med i ei barselgruppe. (Ei fantastisk gruppe, der alle passer i hop. Ganske fantastisk syns eg med tanke på at vi er satt i hop av helsestasjonen og einaste felles tingen er at vi har fått barn på nesten samme tid. Trives med alle og kjemien er utruleg god. Snart nærmar det seg slutten på permisjonstida for nokon av oss, ikkje meg skal heldigvis kose meg heime med prinsen ei god stund til, og vi har då snakka om å ha klubb i staden. Håpe vi får til det.) Vel det var ein laaang digrisjon, tilbake til poenget. Ei av barseldamene sende denne linken amandaprosjektet.

Så trist, men så fint at noko positivt har komme ut av det. Dette ville eg vere med på, derfor strikka eg denne hua, ei prematurhue. Forhåpentligvis kan den varme eit lite barn som har komme til verden så alt for tidlig. Har du lyst å bidra, trykk på linken over, amandaprosjektet, heilt nederst på sida står informasjon om kva dei treng og korleis du gjer det.


Hua er strikka med baby Merino ull, fra Gjesdal.


Så kom eg over ein utfordringsblogg, strikkere, så artig. Utfordringa der var at ein skulle leike seg med mariusmønsteret, fargar og bruksområde. Denne hua er difor med på den utfordringa. Er litt bekymra for at eg har leika meg vel mykje med mønsteret :-/ Vart litt reven med når eg satt å teikna mønsteret sjølv, inspirert av mariusmønsteret. Har du lyst å vere med på utfordringen til strikkere har du litt tid på deg enda, fristen er 15 mars. Premien var ein haug med fantastiske knappar. Gjett om eg har lyst å vinne det, hadde passa fint og siden eg har bursdag 15 ;-)
Posted by Picasa

lørdag 5. mars 2011

God helg :-)



Vil ønske alle sammen ei god helg. I dag hadde eg tenkt å legge ut fine bilder av meg og Theo på tur i Djupadalen, eit kjempe fint turområde i Haugesund, sammen med ei venninne og henna søte prins. Planane vart lagt i går, vi skulle ta med niste, kaffi og kako og berre kose oss. Falsk krupp ødela den planen. Så natt til i dag tilbrakte eg og prinsen min stort sett under eit ope vindauge. Så då tenkte eg at eg måtte vise fram den fine tullipanbuketten som står på bordet mitt istaden :-) Tullipanar er så fint og vårlig.



Ellers har eg komme eit godt stykke på monsterbuksa eg strikker. (Har faktisk klart meg uten mønster så langt og er såå fornøgd med meg sjølv :-) Snart ferdig med den første foten.




Så måtte eg, igjen, berre begynne på en liten ting til :-)
Under kan du sjå ein liten smakebit, vil du vite kva det er må du rett og slett berre følge med vidare ;-)



Då håpe eg at alle får ei fin helg. Her kryssar eg fingrane for at kruppen er over for denne gang. Litt søvn i natt hadde gjort seg.

Posted by Picasa

fredag 4. mars 2011

Nå har vi vaska gulvet........


og vi har støvsugd, rydda og fiksa. I dag var fotografen her og tok bilde av leiligheita, dvs at den komme for salg neste veke. SPENNANDE:-) Så i går gikk mesteparten av dagen til rydding, og Theo var meget flink å hjelpe til. Støvsugaren var knallkjekk syns han :-)

Kjekt å gjere seg til for fotografen også :-) Har tatt ganske så masse bilde av han siden han var født, så no stiller han seg opp, smiler og gjer abligøyer for kameraet med ein gang eg tar det fram. (Noko som er ofte) Så idag når fotografen var her, vart han ein smule fornærma over at fotografen kun tok bilder av leiligheten og ikkje han :-)







Lommepenger ??




Best å fortsette :-)





Vel det var ein slitsom dag i går, men fantastisk herlig i dag. Helga er såvidt begynt og leiligheta er 100% ryddig over alt :-) Det skal nytast. God helg alle sammen :-)


Posted by Picasa

tirsdag 1. mars 2011

"Kunst"



På fredag er den store dagen, då skal det tas bilde av leiligheta til salg. Eg har hørt at ein då ikkje bør ha personlige bilder framme, og kunst er ikkje det vi har mest av her hos oss. Så då får ein lage sjølv tenkte eg ;-) Til jul fikk eg ei kjempe fin treramme, den står tilvanlig i bokhylla med bilde av meg og Theo. Ville fortsatt ha denne ramma framme, men måtte som sagt ha eit anna bilde. Eg fann ein stoffbit, (ein rest av eit stoff eg kjøpte for å sy bukse til Theo), pluss ein lite stoffrest fra gardinene våre. Klipte til "bukse"stoffet slik at det passa inn i ramma, deretter klipte eg ein hjertemal av ein rimireklame, for så å klippe ut eit hjerte i "gardin"stoffet. Vips hadde eg bildet mitt. Ganske så fornøgd med resultatet og alt gjort i løpet av 5 min :-)

Ha ein fin kveld, legg gjerne igjen ein kommentar.


Posted by Picasa

mandag 28. februar 2011

Enda ei..........

Tør nesten ikkje seie det høgt en gang, får kviskre, her komme enda ei heklahue ;-) Syns dei er så artige å hekle, går veldig fort og resultatet blir bra. Perfekt handarbeid å ha liggande, ein kan begynne å stoppe når som helst uten å komme utav det. I løpet av ein dag sitte eg mykje på gulvet å leike med min søte prins, men det hender av og til at han leike fint aleine. Då hive eg meg over ei hue. Når eg då må hive det fra meg, fordi han finne på noko "lurt", må redde han fra å dette, redde ein pynteting fra eit liv i deler eller han er lei av å leike aleine, går det heilt fint. Ingen ting som rakne, ingen telling å komme utav eller vanskelige mønster å huske. Rett og slett eit perfekt pause arbeid. Så det blir nok sikkert ikkje siste hua dåke ser her inne :-/

Under ser de nærbilde av hua, litt meir riktige farga enn på dei andre bildene. Burde såklart ta bilde om dagen i dagslys uten blits, men og dette er et stort men. Då føler eg at tida ikkje strekke til, med prinsen min, skulearbeid (studere vernepleien på deltid), forberede leiligheta til salg (skal flytte i hus i mai), ellers div ein må gjere i løpet av en dag (les: klesvask (haugen blir aldri tom, div rydding, lage middag, barseltreff, babysang/leikegruppe, babysvømming osv..) Hektisk å vere husmor, men vanvittig koslig. Nyte kvart eit sekund. Eller iallefall 99 % av sekunda.






Tenke nok at denne hua også komme i eplabutikken min. (Må berre ta nye bilder, fargane vart så feil.) Trykk her så kjem du direkte inn. Perfekte?? små gaver til deg eller nokon du vil glede. 100 % heimelaga :-)
Takk for alle koslige kommentare :-) Blir veldig glad for kvar einaste ein :-)

søndag 27. februar 2011

Eplabutikk

Då har eg endelig fått ordna meg eplabutikk, har tenkt på det lenge, men tida strekker ikkje alltid til. I butikken vil eg legge ut handlaga ting, stort sett strikka eller hekla. Trykk her så kjem du direkte til butikken min. Velkommen skal du vere, og håper du finne noko du liker. Litt tomt i "hyllene" enda, men kjem meir etterkvart så berre å kikke innom ofte ;-) Ha ein fin kveld.

Hals

Endelig ferdig med en ufo. Dette skjerfet begynte eg på for leeeenge siden, faktisk har det vore ferdig lenge og, kun mangla festing av tråa :-/ Litt av grunnen til at det har blitt liggande var at eg ikkje syns det vart noko spesielt fint skjerf, men i dag kom eg på en ide :-) Kvifor ikkje sy sammen endane og lage ein hals? Som tenkt som gjort, under ser dåke halsen. Kjempe fornøgd rett og slett. Varm, god og mjuk, akkurat som ein hals skal vere.







Halsen er ca 75 cm lang og derfor lang nok til å ta to ganga rundt halsen.


Halsen er strikka med kun rettmasker.



Håpe alle har hatt ei kjempe fin helg, det har eg :-)
Legg gjerne igjen ein kommentar.
Posted by Picasa

lørdag 26. februar 2011

Blogglotteri hos Quiltefia

Quiltefia er ei kreativ dame som lagar utruleg mykje fint, no har ho blogglotteri. Heile fem premiar, der den eine er flott garn, fristen for å vere med er i morgon så hiv deg rundt :-) (Det har eg gjort) Trykk her så komme du direkte inn på lotteriet hennar.

fredag 25. februar 2011

Heklahue


Enda ei heklahue, denne gangen i str 8 til 11 mnd ca, varierer litt etter kor stort/lite hovudet er. Denne passer iallefall akkurat til Theo som er ca 10 1/2 mnd. Også denne gangen har eg brukt 100 % ull, merket drops eskimo :-) Er veldig glad i drops sine garntypar og mønster. Utgangspunktet for denne hua er dette mønsteret, men har gjort nokon forandringar.








Prinsen min er blitt ganske så vand med å bli tatt bilde av, tør ikkje seie kor mange eg har tatt, så han smiler og poserer kvar gang kameraet kjem fram.






Kjekt å gjere seg til for kameraet :-)
Strikkadressen han har på seg er det hans farmor som har strikka. Den er berre utruleg fin, og ikkje minst varm og god.
God helg, legg gjerne igjen ein kommentar :-)
Posted by Picasa
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...