onsdag 30. mars 2011
lørdag 26. mars 2011
Ballongbukse
tirsdag 22. mars 2011
På leikeplass for første gang :-)
I dag var vi på leikeplass for første gang, som de ser på smilet falt det i smak. Med ny parkdress og sko, koste vi oss masse. |
mandag 21. mars 2011
Fort gjort
I dag tenkte eg at eg skulle vere lur, akkurat kor lurt det var ser en på bildene ;-) Prinsen min er kjappare enn lynet, det fikk eg bekrefta i dag. Han satt fredlig og leika i panneskapet mitt. Virkelig koste seg og viste ingen tegn til å ville flytte på seg. Det var då eg tenkte; la meg springe på do. Var ufattlig kjapp og skunda meg tilbake til kjøkkenet, og der satt prinsen og smilte stort. Eg var kjapp og kor mykje kan skje på såå kort tid? For å seie det sånn, han var kjappare og jo veldig mykje kan skje på kort tid. Måtte berre le og forevige episoden. |
Monsterbukse
Då var monsterbuksa strikka :-) Kjempe fornøgd med meg sjølv, som har klart å strikke ei bukse uten mønster. Det er likevel eit stort men, og eg skjønne kvifor ein har mønster, for buksa er alt for stor. Prøvde den på Theo i dag, han er riktig nok berre 11 mnd, men stor for alderen og buksa var alt for stor for han. Hem... Sånn kan det gå, då er det berre å sette igang å strikk ei til. Vel vel, fins verre ting, for eg syns det var knall artig å strikke denne buksa så tar det ikkje så tungt at eg må strikk ei til. (Skal legge ut mønster, men det må bli en annen dag, for må finpusse litt på det.)
Buksa sett bak. Munnen er på plass, tenna og auga skal eg sy på med maskesting.
Strikka brotet litt langt slik at buksa varer lenger.
Her er brotet bretta opp. Siden det ligge litt arbeid bak eit strikkeplagg, er det greit med sånne løysningar slik at ein kan ha buksa ei stund.
Brotet oppe, det skal også brettast i to. Tenkte ha ein strikk i slik at den sitter godt.
Buksa sett framme.
Dette bildet kan få meg til å grine :-( Litt for mange tråa å feste. Jaja, har komme et lite stykke på vei med den jobben siden bildet vart tatt.
Etter ein liten samtale med min mann, ser eg at eg kanskje må forklare kva brotet er. (Han skjøna ingen ting når han las det.) Problemet er berre at eg ikkje veit kva anna ord eg skal bruke. Iallefall så håpe eg at alle fortår det når dei ser bildene i tillegg. Oppe på buksa er det det samme som linninga og nede blir ,.... har ingen aning.
Minner om give awayen, hiv dåke med folkens.
Ønsker nye følgara velkommen og takkar for alle koslige kommentara:-)
Ha ein fin kveld.
lørdag 19. mars 2011
1 års feiring og give away!!
For 1 år sidan satt eg høggravid og kjeda meg. Formen var heller dårlig og det vart difor brukt mykje tid på handarbeid og kikking på bloggar. Inspirert av min farmor, bestemde eg meg for å starte min egen blogg. Tenk no er allerede ett år gått og eg er rett og slett hekta :-) Blogging er kjempe artig, blir så glad for alle kommentara og veldig kjekt med alle som vil følge bloggen. Kjekt å kunne vere til inspirasjon for andre, på lik linje som eg blir inspirert av andre bloggarar.
Egentlig så var 1 års dagen i går, skreiv derfor i forgårs at eg skulle legge ut noko spennande i går. Hem.. men som dei fleste fikk med seg, skjedde lite på bloggen min i går. Tida strakk berre ikkje til. Så derfor komme feiringa i dag.
Så derfor blir det ein liten give away, eller gi bort som det heiter på norsk.
Trekninga vil skje på min sønns 1 års dag, 13 april.
Du må gjerne delta om du ikkje har blogg også, men då må du legge igjen mail adressa di slik at eg får tak i deg om du vinner.
1. lodd: Legg igjen ein kommentar på dette innlegget
2. lodd: Kommentar + link til sida mi (enten på bloggen din eller på facebook)
3. lodd: Kommentar + link + følgar
Skriv kor mange lodd du vil ha i kommentaren.
1 premie er ei heklahue av 100% ull (eskimo garn). Lik den du ser på bildet under, men du får mulighet til å velge fargar sjølv. Tar kontakt med vinnaren når den tid komme så finne vi din fargekombinasjon. Første premien inneholde også ein liten overraskelse.
Det vil også vere to trøstepremiar, men dei blir ein overraskelse.
Håpar mange lyst å bli med.
Ha ei fin helg :-)
torsdag 17. mars 2011
Ein liten krokodille :-)
Var på salg i dag, Name it opna ny butikk i Haugesund, å der hadde dei nokon skjønne badekåper. Praktisk siden vi går på babysvømming. Eg kjøpte den på grunn av fargen, og prisen :-) Når eg kom heim, såg eg derimot at den hadde krokodille kam og auger, så herlig :-)
Livsteikn
På tide med ei lita oppdattering. Har vore stille på bloggen min siste dagane, men det betyr ikkje at det har vore stille hos oss likevel. Her har det jammen meg skjedd mykje siste dagane.
Først av alt har eg hatt bursdag, fikk utruleg mykje fint. Blandt anna mugrugen de ser på bildet under. Fikk heile 6 slike søte små. Likte så godt fargane og mønsteret, heilt min smak. Litt twist og kaffi (fra Amundsen spesial) må ein ha på bursdagen sin :-) Rett og slett ein kjempe fin start, og den vart berre betre og betre.
Det var barseltreff på dagen min, og der fikk eg god mat og vafler med lys :-) Pluss mange (og då meiner eg mange) fine gaver. Så snilt av dei.
Så kom det aller beste, vi fikk solgt leiligheten vår. Dagen etter første visning, til over takst :-) Betre bursdagsgave kan ein virkelig ikkje få. Kjem for all framtid til å huske min 29 års dag :-)
Gløymde forresten å nevne at min flotte sønn toppa det heile med å sove heile natt til dagen min. Dei nettene er det meget lenge mellom så det var rett og slett fantastisk, det og.
søndag 13. mars 2011
Oppskrift på prematurhue
Tenkte eg skulle legge ut oppskrifta på prematurhua, viss andre har lyst å prøve seg å strikke til de bitte små. Behovet er stort har eg hørt.
Denne prematurhua er ca 30 cm. For å finne ut kor mange masker eg trengde, gjorde eg slik.
På merkelappen til garnet står det strikkefasthet. F.eks 28 masker = 10cm
Siden eg skulle ha 30 cm tok eg 28 * 3 = 84 masker, men dette gjelder viss du bruker pinne 2 1/2 til 3. Eg ville bruke pinne nr 3,5 derfor så justerte eg ned antall masker til 70. Når eg teikna hjerte møsteret viste det seg at eg måtte ha 72 masker for å få det til å gå opp.
Eg la opp 72 masker på pinne nr 3,5
1. omg: 2 rett (r) og 2 vrang (vr)
2. omg: 2 r og 2 vr
3 omg: 2 r og 2 vr
4 omg: 2 r og 2 vr
5 - 8 omg: strikk kun r masker.
9 - 13 omg: sjå mønster på bildet under. (siden eg ikkje har noko fancy strikkeprogram har eg teikna for hand på rutepapir)
Strikk så kun rett masker til du har 25 omg. Så er det tid for å felle.
26 omg: 4 r, strikk så to masker sammen, repiter ut omg
27 omg: strikk kun r masker
28 omg: 3 r, strikk så to masker sammen, repiter ut omg
29 omg: strikk kun r masker
30 omg: 2 r, strikk så to masker sammen, repiter ut omg.
31 omg: strikk kun r masker
32 omg: 1 r, strikk så to masker sammen, repiter ut omg.
33 omg: strikk kun r masker
34 omg: to masker sammen ut omg
Trekk så tråden gjennom dei resterande maskene, og fest trådar. Hua er ferdig :-)
Bruk gjerne oppskrifta, men ber alle om å respektere opphavsretten, link derfor gjerne tilbake til meg viss du bruker oppskrifta. Den er også kun meint til personlig bruk, ikkje salg.
Er det noko i oppskrifta som er uklart eller evt feil, gi meg ein lyd. Ha ein fin søndagskveld.
lørdag 12. mars 2011
Til en liten hjerteknuser
Då har eg strikka enda ei prematur hue, og forhåpentligvis kan den holde en liten hjerteknuser varm og god. Denne hua er også strikka i restegarn (og enda er det rester igjen), lyseblått babygarn. Som mønster prøvde eg å strikke eit lite hjerte, det er strikka med vrangmasker, resten er rettmasker. Ganske greit fornøgd.
Hua sett ovenfra.
torsdag 10. mars 2011
Leilighet til salgs :-)
Vår koslige leilighet er no til salgs på finn. Ta ein titt her. Blir fellesvisning på mandag 16.15 til 17.00 og alle er hjertelig velkommen. (Har du ikkje mulighet til å komme på mandag, ta kontakt så ordner vi det.) Leiligheten ligg meget sentralt til, er lys, fin og moderne, samt passe stor. Bussholdeplass, bhg, skule og butikkar i umiddelbar nærhet. Anbefale alle å ta ein titt.
Her er ein liten smakebit, fleire bilder på finn.no
Meglaren vi bruker:
Runar Aarekol Eiendomsmegler 1
Ta kontakt gjerne kontakt ved interesse.
(Bildene er tatt av fotograf innleigd av eiendomsmegler 1)
Stua:
onsdag 9. mars 2011
Sengegavl
Så kjøpte vi ei vanlig sponplate (150kr) Vi skar den til slik at den er like brei som senga og stikke ca 70 cm opp over senga. Vi har runda hjørna, men det er ingen nødvendighet.
Så kjøpte vi ei gardin på salg, 100 kr. Den passa akkurat, klipte kun av kanten med rundingar.
Vi klipte av lengden på madrassa slik at den passa akkurat med sponplata, så limte vi den fast. (Madrassa var mindre, i høgda, enn sponplata, men vi syns ikkje det gjere noko. Dette fordi det ikkje syns, då dette er nede bak senga. )
Så stifta vi fast gardina til sponplata.