Sider

tirsdag 28. juni 2011

Tuppen og Lillemor

Tuppen og Lillemor gikk hand i hand....... vil ikke være vener mer.......
Litt sånn er mitt forhold til symaskina, det går veldig opp og ned. I dag hadde vi ein god dag, og eg er superfornøgd med resultatet. Eg har sydd mi første siklesmikke :-)
Likte veldig godt fargane, syns blått står så fint til Theo sine store blå auge. På baksida (gløymde å ta bilde av den i iveren.. hihi...) er det lyseblått fleece, då går ikkje siklet så lett igjennom.


Litt fleire skryte bilder;-)

 




Ha ein fin kveld!
Posted by Picasa

mandag 27. juni 2011

Symaskin = trøbbel

Hobbyrommet er pålangtnær ferdig, men har iallefall fått rydda såpass at eg kan sy litt. Eg fikk symaskin for leeeeenge siden og har siden den gang hatt ein illusjon om å bruke den masse. Planane var uendelige, men det eine misslykka forsøket etter det andre har lagt ein dempar på motivasjonen.

I dag tenkte eg å gjere eit nytt forsøk på å bli venner med den.
Har hatt så lyst på viplar til rommet til Theo. I første omgang ville eg ha nokon i papir til å dekorere døra hans. Der var det kun ein enkel søm, sikksakksøm, som skulle til. Burde vore super enkelt.

Som vanlig så var ikkje eg og denne stripeisen av ei maskin enige. Den harka å hompa avgårde, krølla tråen og ødela papiret. Blafrepapiret mitt, ahhh..... så fustrerande.
Denne gangen nekta eg å gi opp, papiret var allerede ødelagt så då var det berre å prøve vidare. Heilt plutselig og utan nokon grunn (som eg kan sjå iallefall) gikk det :-)

5 vimplar var klare, og eg hadde sydd dei :-) Du hendelse, eg var over meg av glede, heil til neste problem. I oppskrifta sto det: pass på at du lagar plass til tråden oppe, dvs at ein ikkje syr heilt opp. Eg hadde (faktisk) fulgt oppskrifta, men det var ikkje berre å ta tråden gjennom. Tråen ville ikkje rikke seg. Vel eg hadde faktisk klart å sy fem trekantar, og då nekta eg å stoppe her. Mange forsøk vart prøvd til eg kom på, eg har jo heklenål :-)


Ingen problem å få tråden igjennom med heklenål.

Vimplane på plass. (burde venta til dagslys med å ta bilde, men ærligtalt når eg har klart å sy noko så må det visast, og det med det samme.)

Er fornøgd :-)


Litt nærbilder av papiret, Blafre design :-)




Ha ein fantastisk fin kveld :-)
Posted by Picasa

Mandagstema

Petunia har "Zoom in" som sitt mandagstema, og her er mitt bidrag.
Var ute på tur med Theo i dag, og der møtte vi nokon "sultne" og nyskjerrige sauar. Når eg kom heim og kikka på bilda vi hadde tatt oppdaga eg at sauen geipa :-)

Theo syns ikkje det gjorde noko at det regna. Då var det jo tusenvis av dammar å hoppe i, greit å sjekke om det nye regnsettet holdt mål. (Noko det faktisk gjorde, ikkje dårlig med tanke på at han ikkje berre hoppa med stupte (bokstavlig talt, om en det vart et magaplask) ned i dammane)



Ha ein fin kveld og ikkje gløym giveawayen min med mulighet til å vinne deg ferielesestoff :-)

Posted by Picasa

søndag 26. juni 2011

Oppskrift på hekla hue i bommull


Hekla hue i bommullsgarn. Eg har brukt Mandarin petit.
Eg har brukt 4 fargar. Mørk blå, mellom blå, lys blå og kvit.

Heklenål nr 4 1/2

Eg har ikkje noko fast mønster på kor breie dei blå stripene skal vere, men dei kvite stripene er kun 1 omg. og alltid mellom kvar blåfarge.

Størrelse: 1 - 1 1/2 år.

Hekle info: Les alltid heile oppskrifta før du begynner.
Kvar omg avsluttast med 1 kjm i 1 kjm på begynnelsen av omg.
m = masker
lm = luftmaske
fm = fastmaske
kjm = kjedemaske

1 omg: Hekl  4 lm og fest saman i ein ring.
2 omg: 6 fm om ringen.
3 omg: * 1 fm i første fm, 2 fm i neste fm* gjenta fra *-* = 9
4 omg: * 1 fm i første fm, 2 fm i neste fm* gjenta fra *-* = 13
5 omg: * 1 fm i første fm, 2 fm i neste fm* gjenta fra *-* =19
6 omg: * 1 fm i første fm, 2 fm i neste fm* gjenta fra *-* =28
7 omg: * 1 fm i første fm, 2 fm i neste fm* gjenta fra *-* =42
8 omg: * 1 fm i første fm, 2 fm i neste fm* gjenta fra *-* =63
9 omg: hekl 1 fm i kvar fm, men auk 6 m jamt fordelt ved å hekle 2 fm i 1 fm.
10 omg: hekl 1 fm i kvar fm, men auk 6 m jamt fordelt ved å hekle 2 fm i 1 fm.
Du skal no ha 75 m.
Fra no av skal du hekle 1 fm i kvar fm til hua måler 15 cm, då skal du felle 5 m jamt fordelt, slik at du sitter igjen med 70 m.
Hekl så 1 fm i kvar fm til hua måler 20 cm. Avslutt med ein omg. med kvitt. Fest alle tråar.

Håpar oppskrifta er forståelig. Kryssar fingrar og tær for at oppskrifta stemmer, iallefall vart det hue hos meg når eg fulgte den:-)
Lykke til og ta kontakt om noko er uklart.
Posted by Picasa

Sommer-along

Med dette bildet deltar eg på sommer - along, vil du bli med trykk her.

Det går ut på at du kan lage kva du vil og så vise fram med blogginnlegg. Sjå mitt innlegg om hua her.
Så skal du ta med det du har laga ut og ta bilde. Under ser de mitt bidrag.

Posted by Picasa

Hekla sommarhue

Deltar på Pinnekroken sin sommarutfordring med denne hua. Har hekla den med kun fastmasker. (Legger ut oppskrifta etterpå, så følg med.) Har hekla ei ganske så lik tidligare, men fikk spm om eg kunne legge ut oppskrift. Det kunne eg såklart, bortsett fra at eg berre hadde hekla i vei uten å skrive ned kva eg hadde gjort. Denne gangen har eg skrive ned alt (håpe eg). Er uansett mykje meir fornøgd denne gangen enn sist, så var kjekt å lage den en gang til.

Hua sett ovanifra.
Posted by Picasa

Søndagsidyll

I dag har det vore skikkelig fint sommarver og vi har vore ute nesten heile dagen. Theo syns det er supert, kjekkaste han veit er å vere ute, spesielt no med nye uteleikar.
Her kjem litt bilder fra vår idylliske søndag.


Vannmelon høyrer til :-)


Planen var egentlig ikkje å grille, men lysten kom med sola :-) Vi hadde derfor ikkje handla inn grillmat, men eg fann nokon kyllingfiletar og eit par pølser i frysaren. Vips var gode grillspyd trylla fram. Enkelt og greit. Litt grønsaker innimellom og det vart kjempe godt.


Salat
 

Den gule kaffikanna var på plass :-)

Theo i siglebana :-)






Etter nyhetene, og litt kakebaking, skal eg legge ut bilder av heklahua som eg gjorde ferdig i går. Tenkte å legge ut oppskrift på den og.
Ha ein fin kveld så lenge.
Posted by Picasa

lørdag 25. juni 2011

Himmelsk lørdag

Måtte berre legge ut eit bilde av himmelen her i kveld. Den var så fantastisk fin. Også den er med på Petunia sin utfordring Himmelsk. Ta ein titt her om du og vil bli med, eller du vil sjå fleire himmelske bilder.


På veien, måtte rusle eit bittelite stykke for å ta bildet, møtte eg denne søte lille karen :-)



I løpet av kvelden har eg hekla ferdig ei sommar hue, den kjem det bilde av i måra.
Ha ei god natt :-)


Posted by Picasa

Ei ugle i postkassa :-)

Gjett om eg vart glad når eg fann ei ugle i postkassa :-) Tusen takk til trådsnella. For dei som ikkje har fått det med seg så vann eg denne skjønne ugla i trådsnella sin giveaway.
I dag kom den med posten :-) Den skal få hedersplass på hobbyrommet mitt, til inspirasjon og glede.

Må berre ta med nokon bilder av prinsen og hans nye siglebane (rutsjebane). Eg må innrømme at eg ikkje hadde trudd han klarte å komme seg opp aleine og skli aleine, han er jo tross alt berre 14 mnd. Men der tok eg skammelig feil, eg hjelp han nokon gonga og så pappen, vips så fiksa han det heilt på eigahand. Å gjett om han kosa seg :-)









Ha ein koslig kveld.


Posted by Picasa

fredag 24. juni 2011

Himmelsk

Mitt bidrag til Himmels hos Petunia :-)
Kvar veke har ho temaet himmelsk på bloggen sin, har du lyst å bli med eller sjå fleire himmelske bilder klikk her.



Ha ei kjempe fin helg.
(Ikkje gløym giveawayen, enkelt å bli med. Skriv ein kommentar der du tipar om ei god bok. Skjønnlitteratur, hobby, biograf.... Tar i mot alle gode tips. Trykk her om du vil bli med.)
Posted by Picasa

torsdag 23. juni 2011

Strikkavest og shorts

Måtte legge ut eit bilde av prinsen i strikkavesten og shortsen som han fikk i posten i går. Perfekt størrelse, utruleg fint og veldig mjukt :-)
Han er super heldig, syns eg, som har så masse fine strikkakle. Denne er det mormora hans som har strikka :-)




Ha ein fin kveld og husk giveawayen :-)
Posted by Picasa

Mandagstema

Petunia sitt mandagstema er føtter, og tenkte å delta med bildet under. Bildet er tatt i dag, ute på plenen, av prinsens små og søte føtter. Ta ein titt her viss du vil sjå fleire bilder av føtter eller delta sjølv.



Det har vore nydelig sol og varmt i heile dag, planen var å pakke sekken, ganske snart,  og vere med på Sankthansfeiring i Kvalsvik. Då forsvann sola, vinden tok over for varmen og nokon mørke stygge skyer kom seilande. Ser ut som det blir grillmat inne i staden.

Ha en fin kveld.
Minner om feriegiveawayen, fleire gode boktips har komme:-) Ta ein titt her om du vil bli med.

Posted by Picasa

onsdag 22. juni 2011

Sommarstrikk og gult er kult !

I dag kom det pakke til prinsen i posten. Hans mormor hadde strikka eit kjempe fint sommarsett til han. (einaste som mangla var sola, hemm...) Veit ikkje kva garn ho har brukt, men iallefall var settet fantastisk mjukt. Komme til å vere veldig behagelig på. Ta ein tur innom bloggen hennar her, ho kan iallefall svare på kva garn ho har brukt. Skal ta bilde av settet, på prinsen, i måra. Han var så trøtt og sliten i dag. (vart vekt alt for tidlig av bosstømmarane)


På framsida av vesten har ho sydd maskestin.
Var veldig fint :-)


Rundt alle kantar har ho strikka eit flettemønster, i staden for to rett og to vrang som er vanligast.
Det var virkelig prikken over ien, syns eg.


Eg MÅÅ berre vise fram fangsten min i dag, var på butikken AnnaJohanna, på Vea. Dei har ein fantastisk koslig butikk. (nettbutikk også, trykk her så komme du til den. blogg har dei og, trykk her for den)

Einaste eg treng no er sol og varme, planen og tanken bak kjøpet er at dette skal brukast ute. Kan så klart brukast inne og, blir i godt humør av å drikke kaffi fra denne gule kanna, MEN.... det er sommar og då vil eg bruke det ute. Koppane er super barnevennlige sidan dei er ikkje knuslige.


Så må eg, i dag også, minne om ferie giveawayen min. Vil du vere med ta ein titt her.
Ha ein fin kveld.
Posted by Picasa
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...