Sider

lørdag 25. juni 2011

Ei ugle i postkassa :-)

Gjett om eg vart glad når eg fann ei ugle i postkassa :-) Tusen takk til trådsnella. For dei som ikkje har fått det med seg så vann eg denne skjønne ugla i trådsnella sin giveaway.
I dag kom den med posten :-) Den skal få hedersplass på hobbyrommet mitt, til inspirasjon og glede.

Må berre ta med nokon bilder av prinsen og hans nye siglebane (rutsjebane). Eg må innrømme at eg ikkje hadde trudd han klarte å komme seg opp aleine og skli aleine, han er jo tross alt berre 14 mnd. Men der tok eg skammelig feil, eg hjelp han nokon gonga og så pappen, vips så fiksa han det heilt på eigahand. Å gjett om han kosa seg :-)









Ha ein koslig kveld.


Posted by Picasa

1 kommentar:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...