Hekla hue i bommullsgarn. Eg har brukt Mandarin petit.
Eg har brukt 4 fargar. Mørk blå, mellom blå, lys blå og kvit.
Heklenål nr 4 1/2
Eg har ikkje noko fast mønster på kor breie dei blå stripene skal vere, men dei kvite stripene er kun 1 omg. og alltid mellom kvar blåfarge.
Størrelse: 1 - 1 1/2 år.
Hekle info: Les alltid heile oppskrifta før du begynner.
Kvar omg avsluttast med 1 kjm i 1 kjm på begynnelsen av omg.
m = masker
lm = luftmaske
fm = fastmaske
kjm = kjedemaske
1 omg: Hekl 4 lm og fest saman i ein ring.
2 omg: 6 fm om ringen.
3 omg: * 1 fm i første fm, 2 fm i neste fm* gjenta fra *-* = 9
4 omg: * 1 fm i første fm, 2 fm i neste fm* gjenta fra *-* = 13
5 omg: * 1 fm i første fm, 2 fm i neste fm* gjenta fra *-* =19
6 omg: * 1 fm i første fm, 2 fm i neste fm* gjenta fra *-* =28
7 omg: * 1 fm i første fm, 2 fm i neste fm* gjenta fra *-* =42
8 omg: * 1 fm i første fm, 2 fm i neste fm* gjenta fra *-* =63
9 omg: hekl 1 fm i kvar fm, men auk 6 m jamt fordelt ved å hekle 2 fm i 1 fm.
10 omg: hekl 1 fm i kvar fm, men auk 6 m jamt fordelt ved å hekle 2 fm i 1 fm.
Du skal no ha 75 m.
Fra no av skal du hekle 1 fm i kvar fm til hua måler 15 cm, då skal du felle 5 m jamt fordelt, slik at du sitter igjen med 70 m.
Hekl så 1 fm i kvar fm til hua måler 20 cm. Avslutt med ein omg. med kvitt. Fest alle tråar.
Håpar oppskrifta er forståelig. Kryssar fingrar og tær for at oppskrifta stemmer, iallefall vart det hue hos meg når eg fulgte den:-)
Lykke til og ta kontakt om noko er uklart.
Flott hue til Theo, passa han veldig godt.
SvarSlettFlott lue på en nydelig gutt:) Ønsker deg en fin kveld videre.
SvarSlett-Marita-