Pinsa har i huset har blitt brukt til å slappe av og til å få litt meir på plass. Godt å sjå at øskjer forsvinner, og det blir ryddig og fint rundt oss. Dessverre ein god del øskjer igjen, men men. Vi tar tida til hjelp, er ingen som komme å tar fra oss rotet. (Dessverre)
I dag fikk vi koslig besøk og då måtte vi ha noko godt til kaffien. Syns det er så kjekt å bake. Vart brownies i dag, og for første gang fikk eg dei skikkelig til. Var skikkelig seige og gode, akkurat slik brownies skal vere. Gløymde jo sjølvsagt å ta bilde med en gang, men her er eit lite restebilde ;-)
I tillegg har eg strikka eit barneskjerf til, har ikkje fått hekla kant rundt enda. Klare nemlig ikkje å bestemme meg for om eg skal lage picotkant, slik som sist, eller prøve å lage ein litt meir guttevennlig variant. Må tenke litt til. Forslag??
Fikk spm om kva forandringa på oppskrifta eg hadde gjort, på hua og skjerfet fra boka "strikk til nøstebarn". På hua huske eg dessverre ikkje heilt nøyaktig, men siden eg har brukt dropsalpakka garn i staden for garnet som sto i oppskrifta måtte eg legge opp litt mindre masker og itillegg forandre litt på fellinga. Skreiv dessverre ikkje opp kva eg gjorde. På skjerfet så la eg opp ti masker mindre enn det som sto i oppskrifta, fordi eg syns det vart for bredt.
No skal eg å fikse litt på hobbyrommet mitt :-) Bilder kommer når det er ferdig. (sikkert ikkje i dag).
Ha ein fin kveld.
Såg godt ut, skal sei du er flittig.
SvarSlett