I bloggverden kan ein lese om nybaktemuffins, pynta heimar og nydelige uteplassar. For ikkje å snakke om vakre kunstverk, handarbeid og scrapperier. Reine idullen og det kan virke som at alt smiler til en bloggmamma, konstant. Vel i dag har eg tenkt å ta knekken på den illusonen og fortelle om vår "fantastiske" dag. (Som regel er prinsen strålande blid, men ingen regel utan unntak. I dag kom unntaket.) Forkortinga S.U.R står for Sur Unge Regjerer ;-) Min ellers så veldig blide prins har virkelig vore ein S.U.R i dag. Tenner på vei, igjen :-( Slitsomt både for store og små.
Energien var på topp når eg sto opp i dag og planen om å vere sånn bloggmuffinmamma var stor, elske å bake og i dag får vi besøk. Perfekt. Vel dette ansiktet møtte meg i dag tidlig å eg viste at planen om baking, sol og idyll ... var laaaangt fra oppnåelig.
Å slik fortsatte de. Vel ut på tur aldri sur..... Eller?? Vel neste episode tippe eg alle med små kan kjenne seg igjen i. Den var som følger. Vi måtte innom butikken, plasserte prinsen fint i handlekorga. Såvidt innanfor begynte det. Der skulle han iallefall ikkje sitte, og fortalde det (til heile butikken) med nokon kvin som ikkje ligna grisen. Eller vent, dei ligna grisen, ein gris på vei til slakt. Så prøve du det meste, god snakking, tulling, men kvina e og blir der. Alle glor som besatt og du gir bånn gass gjennom butikken, om å gjere å bli fortast mulig ferdig. I eit siste forsøk på idyll, prøve du å løfte han opp slik at det blir ro mens ein vente i kø. Berre for å oppdage at prinsen har blitt omgjort til overkokt spaghetti, heilt umulig å handtere. Folk glor ubegrensa, og blikket seie alt; kor vanskelig kan det vere å handtere ein 1 åring i butikk.
Ganske så vanskelig, og du angre på alle dei gangane du tenkte det samme, før du sjølv vart mamma. Så endelig heime, du puste letta ut og tenke leeenge til neste gang, eller???..... Kor vart det av brødet eg skulle ha??....
Pjuh, no er iallefall prinsen i seng, satse på at han sove søtt natta igjennom og vi får ein fin og strålande dag i morgon.
Ha ein fin kveld.
Høyrdest ut som ein skikkeleg travel og sur dag. Håpar det blir lettare i morgon.
SvarSletthehe, godt det ikkje er sånn kvar dag då =)
SvarSlettJammen godt å høre at ikke alle er perfekte, muffinsbakende mammaer med strøkne hus og veloppdragne barn :-) Personlig holder jeg såvidt hodet over vannet i en travel hverdag med to barn i trassalderen :-)
SvarSlett