Sider

onsdag 22. juni 2011

Sommarstrikk og gult er kult !

I dag kom det pakke til prinsen i posten. Hans mormor hadde strikka eit kjempe fint sommarsett til han. (einaste som mangla var sola, hemm...) Veit ikkje kva garn ho har brukt, men iallefall var settet fantastisk mjukt. Komme til å vere veldig behagelig på. Ta ein tur innom bloggen hennar her, ho kan iallefall svare på kva garn ho har brukt. Skal ta bilde av settet, på prinsen, i måra. Han var så trøtt og sliten i dag. (vart vekt alt for tidlig av bosstømmarane)


På framsida av vesten har ho sydd maskestin.
Var veldig fint :-)


Rundt alle kantar har ho strikka eit flettemønster, i staden for to rett og to vrang som er vanligast.
Det var virkelig prikken over ien, syns eg.


Eg MÅÅ berre vise fram fangsten min i dag, var på butikken AnnaJohanna, på Vea. Dei har ein fantastisk koslig butikk. (nettbutikk også, trykk her så komme du til den. blogg har dei og, trykk her for den)

Einaste eg treng no er sol og varme, planen og tanken bak kjøpet er at dette skal brukast ute. Kan så klart brukast inne og, blir i godt humør av å drikke kaffi fra denne gule kanna, MEN.... det er sommar og då vil eg bruke det ute. Koppane er super barnevennlige sidan dei er ikkje knuslige.


Så må eg, i dag også, minne om ferie giveawayen min. Vil du vere med ta ein titt her.
Ha ein fin kveld.
Posted by Picasa

3 kommentarer:

  1. Stilig sommarsett! Både til mor og sønn ;)

    SvarSlett
  2. Slett ikkje dumt utesett i gult, eining i at fargane har mykje å sei for humøret.

    SvarSlett
  3. Så fine sett til begge to.
    Likte veldig godt den flettinga i vrangborden, ble ekstra fin:)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...