Sider

tirsdag 7. juni 2011

Skjerf

Endelig litt handarbeidsskriverier igjen, var på tide. Prøvde å ta bilde av skjerfet ute, men sola var så sterk at fargane vart heilt feil. Har delvis brukt ei oppskrift på skjerf frå boka "Strikk til nøstebarn", men har tilpassa det litt. La opp ca ti masker mindre enn oppgitt, pluss at eg har hekla ein picot kant rundt heile skjerfet. Har brukt Drops Alpaca garn, colour 0100 (kvitt) og 3800 (lilla). Fargane er litt meir duse enn på bilda under. 



Har strikka riller heile veien, noko som gjorde at det gikk meget fort. Det som tok lengst tid var picot kanten, men syns den gjorde heile skjerfet. Vart heilt min smak, så krysse eg fingrane for at den som får det er enig. Satse på at det passe, i følge boka skulle det passe ei lita jente fra 1 til 3 år :-) 
Laga også eit "hull" i skjerfet slik at ein kan stikke eine enden gjennom. Då henge det fint og greit. Trur til og med ein unge i "skal gjere sjølv" alderen ville fått det til aleine, og det kan jo vere praktisk for både store og små. 

Ha ein fin kveld.
Takk for besøket og legg gjerne igjen ein liten kommentar :-)
Posted by Picasa

3 kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...